Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Ferjesambandet Kvinnherad - Stord:

Har du forslag til plassering av ferjekaiar?

Ferjekaiplasserin

Eit planarbeid for innkorting av ferjesambandet startar no. Dette vert ein brei prosess der alle moglege ferjestø på begge sider av fjorden skal vurderast.Vi er i startfasen no, og alle som ynskjer kan leggje inn sine framlegg til plassering av ferjestø i eit interaktivt kart.

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å gjennomføre planarbeidet, medan kommunane Kvinnherad og Stord skal vedta sjølve planen. I første fase vert tidlegare vedtak, innspel frå politikarar og idear frå innbyggjarane samla. Seinare skal forslaga sorterast og silast før eit planforslag vert forma.

Fram til 13. desember kan forslag til ferjekaplassering leggjast inn kart ved å følgje denne lenka: http://hordalandfylke.maps.arcgis.com/apps/webappviewer/index.html?id=337490de021345f19660a50783a407e7

Lukke til!


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no