- Framsida
- Tenester
- Politikk
- Organisasjon
- For tilsette
- Postliste
- Tenestekatalog A-Å
- Skjema A-Å
- Arkivside
- Skjema
- Lenker
- Prosjektrom
- Treff oss på Facebook
Ny samfunnsdel til kommuneplanen
Har du forslag til ein visjon for Kvinnherad?

I løpet av 2010 skal kommunestyret velje ein visjon for Kvinnheradsamfunnet. Du kan hjelpa dei i gong!
Kommunen sine brevark vert pryda med "Fellesskap og trivsel - Utvikling og vekst". Skal dette vere Kvinnherad sin visjon, eller bør vi få eit anna slagord å strekkja oss etter?
Om du har framlegg til ein visjon for Kvinnherad kan du nytta kommentarfeltet nedst i denne artikkelen. I feltet "Tema" skriv du ditt forslag, og i feltet "Melding" kan du grunngje forslaget. Det må vere tekst i begge felt for at du skal få posta innlegget. Hugs også antispam-koden før posting. Om du vil ha med namn og e-postadresse er valfritt.
Ein visjon må vere kort, fyndig og vekkja begeistring. Den bør skildra ein ønskt framtidssituasjon som er nokonlunde innafor rekkevidde; dette skal vera ei leiestjerne som vi vil strekkja oss etter. Her er nokre sjekkpunkt til hjelp:
- Retningsgjenvande!
- Attraktiv!
- Realistisk!
- Truverdig!
- Kortfatta!
Formannskapet skal drøfta visjon i august 2010, og kommunestyret skal gjera sitt val i desember. Dette er ein viktig del av arbeidet med den nye samfunnsdelen til kommuneplanen; visjonen vil verta fundament for målsettingar, vegval og strategiar i åra frametter.
Lukke til med ditt bidrag!







