- Framsida
- Tenester
- Politikk
- Organisasjon
- For tilsette
- Postliste
- Tenestekatalog A-Å
- Skjema A-Å
- Arkivside
- Skjema
- Lenker
- Prosjektrom
- Treff oss på Facebook
Ny kommunedelplan:
Grovutkast til arealplan for Sandvoll, Holmedal, Matre og Åkra

Kommunen har under arbeid ny arealdel til kommuneplanen for den søraustre delen av Kvinnherad. Det er framleis eit stykkje att til ein ferdig plan, men eit grovutkast med framlegg til framtidige byggeområde er no tilgjengeleg for nedlasting.
I dette planarbeidet har mange nytta høvet til å koma med innspel. Innspela har vore vurdert av plankontoret med bistand frå ei politisk arbeidsgruppe. Planutkastet som no ligg føre er eit resultat av dette. Følg lenkene nedst i artikkelen for nedlasting.
Planutkastet vil frametter gjennomgå ein del endringar. Mellom anna har det manglar med omsyn til eksisterande og framtidig arealbruk på/i/ved sjø (havbruk, fiske, ferdsle, strandsone), kraftproduksjon på land og fareområde og omsynssoner av ymse slag. I tillegg må alle framlegg til ny arealbruk gjennom ei konsekvensvurdering, og resultatet av denne vil truleg gje endringar som følgje av t.d. rasfare, støy, naturkvalitetar, kulturminne o.l. Det skal også lagast ei planforklaring, risiko- og sårbarheitsanalyse og føresegner til arealbruken.
Planutkastet som no ligg føre er ikkje eit formelt planframlegg; det snarara å sjå som ein situasjonsrapport undervegs i planprosessen. Kommentarar til utkastet kan sendast på e-post til post@kvinnherad.kommune.no. Evt. spørsmål kan rettast til planleggjar Anbjørn Høivik på tlf. 53 48 32 71 eller e-post anbjorn.hoivik@kvinnherad.kommune.no.
Eit formelt planframlegg vert først lagt ut til offentleg ettersyn etter at formannskapet har handsama eit meir gjennomarbeidd planforslag. Dette vil venteleg skje kring årsskiftet.
Oversiktskartet under viser kva kartutsnitt du kan opne for å sjå planutkast for ulike delar av planområdet. Forklaring til kartet finn ein i fila “Liste over område”. Det er også ei lenke til oversyn over innkomne innspel til planarbeidet.








