Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Greit å vite om kjøp av kommunale tomtar

Omvikdalen
Tomtar som er ledige i dei ulike byggjefelta vil ein kunne finne på denne sida. Ein kan og få tilsendt kart over ledige tomtar, og prisar, ved å kontakte kommunen.
Omvikdalen
Omvikdalen

Når du har bestemt deg for ei tomt

Tek du kontakt med kommunen. Du kan få ha tomta på hand i inntil 3 veker. (Lengre tid kan avtalast spesielt). Når tomta vert tinga, vil dette verta stadfesta skriftleg. Saka vert då send over til oppmålingseksjonen hos oss, som lagar målebrev og skriv ut skøyte. De får melding når skøytet er ferdig og De skal betala tomta. I tillegg til tomteprisen kjem diverse gebyr og avgifter. Den samla kostnaden ved tomtekjøpet kan reknast ut frå oppstillinga nedanfor:

Tomtekostnader:

Tomtepris kr. xxxx Målebrev kr. 7.803 Tinglysing av målebrev kr 1.480 Tinglysing av skøytet: 2,5% av tomtepris kr xxxxx Tinglysingsgebyr kr. 1.480

Tilknytingsgebyr:

Når du byggemelder hus vil du få desse tilknytingsgebyra i 2002: Kloakk: For bygg inntil 150 kvm bruttoareal: kr 11.643 Tillegg for areal over 150 kvm kr 38,82/m2 kr Vatn: For bygg inntil 150 kvm bruttoareal kr 11.643 Tillegg for areal over 150 kvm kr 38,82/m2 kr
paragraf_cropped_175x193
Paragraf

Salsvilkår for tomtar i kommunale byggjefelt.

§ 1 Tomta vert skøytt til kjøparen mot kontant betaling. Kjøpesummen inkluderer refusjon til kommunen for utgifter med framføring av vegar, vatn og avløp. I tillegg kjem følgjande gebyr som vert justert av kommunestyret ein gong for året: Tilknyting til avløpsnett � � avhengig av storleik på huset som vert bygd. Tilknyting til vassverk � � avhengig av storleik på huset som vert bygd. (For private vassverk gjeld eigne takstar.) Gebyr for målebrev og skøyte/utarbeiding, tinglysing og dokumentavgift. Pkt. 3 vert innkravd ved overtaking av tomta. Pkt. 1-2 vert fakturert ved byggemelding. I tillegg må tomtekjøpar sjølv innhenta informasjon hos tele � � og energiverk for jordkabel m.v. og betala for dette etter gjeldande satsar. § 2 Bygging og bruk må skje i samsvar med dei reguleringsvedtekter som gjeld for feltet. Dersom eigaren ynskjer gjerde eller markering mot kommunale vegar og plasser eller mot hovedbruket, lyt han kosta dette sjølv. Gjerdehaldet mellom tomtene elles vert fordelt under delingsforretninga. § 3 Kommunen har rett til utan vederlag å la setja opp nødvendige stolpar for lågspent, vegljos og telefon og vidare rett til å leggja leidningar med evt. kummar for vatn, kloakk, elektrisitet og telefon over tomten og til å vedlikehalda desse. Terrenget skal etter slikt arbeid så langt råd er setjast i same stand som før. Grunneigaren må ikkje, utan å samråda seg med kommunen, utføra gravingsarbeid på tomta som kan medføra skade på leidningsnettet. § 4 Dei trea som måtte stå på tomten ved overdraginga skal hegnast om så langt råd er. § 5 Kjøparen pliktar, dersom kommunen krev det, å leggja jordkabel for innføring av elektrisk kraft og telefon til huset. § 6 Kjøpar pliktar å verta medlem av velforeining eller tilsvarande organisasjon som måtte verta oppretta for byggefeltet og som har til føremål å ivareta saker av sams interesse for oppsitjarane, t.d. stell og vedlikehald av fellesareal som måtte verta stillte til disposisjon av kommunen. § 7 Kjøparen ber alle kostnadene i samband med overdraginga. § 8 For tomter som ikkje betalte seinast to månader etter tildeling, skal det reknast morarente i samsvar med "Lov om renter ved forseinka betaling" for tida 15 % p.a. Gjeldande prisar vert justert ved kvart årsskifte.

Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no