- Framsida
- Tenester
- Politikk
- Ordføraren
- Kommunestyret
- Formannskapet
- Administrasjonsutvalet
- Forvaltningskomiteen
- Helse, omsorg og miljø
- Investeringsutval
- Komite for næring og samferdsel
- Kontrollutvalet
- Oppvekst, kultur og idrett
- Styret for næringsfondet
- Valstyret
- Andre utval
- Politisk reglement
- Møteplan 2012
- Gruppeleiarar 2011-2015
- Reiserekning - folkevalde
- Godtgjersle - folkevalde
- Val 2011
- Organisasjon
- For tilsette
- Postliste
- Tenestekatalog A-Å
- Skjema A-Å
- Arkivside
- Skjema
- Lenker
- Prosjektrom
- Treff oss på Facebook
GODT NYTT ÅR!
Godt nytt år alle saman!
Me er i årets første dag med planar og forventnigar om det nye året,bra det.Mykje skal skje i 2012 også,målet er eit "oppstartens"år for Sør Norge Aluminium AS,det vil vera viktig for alle arbeidsplasser i/rundt Søral.Det er gledeleg med all industri,næringsliv elles i Kvinnherad som melder om god ordretilgang,soleis ser det bra ut for sysselsetting og skattetilgong for kommunen vår.
Samhandlingsreforma har sin første dag og skal utviklast fram mot 2016,me treng god tid på å byggja opp denne omfattande men interessane reforma.Dei nermaste dagane får eg brev om kven skal vera representert i styringsgruppa,arbeidsgruppa for det vidare arbeidet om føretaksgrensene,Helse Fonna-Helse Bergen,eg håpar Kvinnherad får ein plass i denne arbeidsgruppa.
Tirsdag reiser eg på nyårsmøte hjå fylkesordføraren,der blir viktig fokus på næringslivet i Hordaland og på samferdsle E 39 der Hordaland/regionen snarast må bli samde om traseval,bra den indre trasen så langt har eit stort fleirtal.
Neste veke reiser eg til Stortinget i to dagar,der vil viktige saker for Kvinnherad bli diskutert ilag med Arbeiderpartiet sine representantar på Stortinget.
Elles har me mange store byggeprosjekt i gong i Kvinnherad og fleire skal diskuterast.
Til formannskapsmøte19 jan.har eg bedt rådmann om oversikt på alle kommunale eigedommar i Kvinnherad,arbeidet med å få oversikt på dette for så og selgja bygg me ikkje har bruk for hasta og komma vidare med.
Kommande veke blir det møte om Opsangervegen,kostnaden har auka kraftig og treng ei oppklaring,det same gjeld brannstasjon i Rosendal.
Dette er berre starten på arbeidet i det nye året,eg gledar meg til samarbeid med alle gode krefter som er med og arbeida for det beste i heile Kvinnherad,det er mange!
Helsing
Synnøve







