Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Gebyrregulativ og gebyr etter ny plan- og bygningslov til uttale

Gebyr_teaser
Kvinnherad formannskap godkjende i møte 26.08.2010 rådmannen si innstilling til nytt gebyr og gebyrregulativ. Før endeleg behandling i Kvinnherad kommunestyre den 23.09.10, vert det med dette gjeve høve til uttale.

Ny plan- og bygningslova vart gjort gjeldande frå 01.07.2010. Frå same dato lyt kommunen heimla gebyrregulativ og gebyr i den nye lova. Kvinnherad formannskap godkjende i møte 26.08.2010 rådmannen si innstilling til nytt gebyr og gebyrregulativ. Storleiken på gebyra er ikkje vurdert, men lovtilvisingane er endra og teksten er tilpassa nye omgrep.

Før endeleg behandling i Kvinnherad kommunestyre den 23.09.10, vert det med dette gjeve høve til uttale. Lenke til formannskapet sitt vedtak og nytt gebyrregulativ og gebyr finn du nedst i denne artikkelen. Dokumenta er også utlagt på Kvinnherad rådhus og Kvinnherad bibliotek.

Eventuell uttale må sendast Kvinnherad kommune, 5470 Rosendal innan 25.09.10 eventuelt på e-post: post@kvinnherad.kommune.no


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no