Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Fysioterapitenesta

Fysioterapitenesta utfører undersøking og behandling, førebyggjande tiltak, habilitering og rehabilitering i og utanfor institusjon. Fysioterapeutar samarbeider nært med andre faggrupper i kommunen og i spesialistheletenesta.
Tenesta vert utøvd på ulike institutt, og i sjukeheimane, skule/barnehage, helsestasjon, omsorgsbustader og pasientens heim dersom det er behov for det.
Kommunen har både fast tilsette fysioterapeutar og fysioterapeutar som driv privat praksis med driftsavtale med kommunen.
Tenesta skal fremja best mogeleg helse og eigenmestring for innbyggjarane i kommunen.

Kommunalt tilsette fysioterapeutar

Dei kommunalt tilsette fysioterapeutane skal primært yta tenester til brukarar med samansette behov, der samarbeid med andre yrkesgrupper vert vurdert som nødvendig. Prioriterte oppgåver er habilitering, rehabilitering, heimebehandling og ulike førebyggjande tiltak.

Fysioterapeutar som har driftsavtale med kommunen

Privatpraktiserande fysioterapeutar

Kommunen har driftsavtale med 6 fysioterapeutar. Desse arbeider ved kvar sitt institutt. Og tek imot pasientar til undersøkelse og behandling etter tilvisning frå lege.
Timebestilling direkte hos den einskilde terapeut.

0-18 år

Fysioterapi til barn og unge

Kommunen har ein tilsett med spesialkompetanse på fysioterapi til barn og unge.
Barnefysioterapeuten har kontor og behandlingslokaler på Husnestunet. Når det er hensiktsmessig kan brukaren motta tenesten i barnehagen, skulen eller i heimen.

Treningsgrupper

Fysioterapitenesta har eit variert tilbod om trening og behandling i grupper.

Treningsgruppe for eldre

Fysioterapitenesta har starta nytt treningstilbod til eldre, på Husnes og i Rosendal.
Treningstilbodet går over 8 veker, med 2-3 treningsøkter i veka. Her blir det trening med fokus på bedre styrke og balanse. Tilbodet er retta mot eldre med lettare bevegelsesvanskar, som er redde for fall eller merkar at daglege aktivitetar er vanskelegare å gjennomføra.
Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no