Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Frivilligprisen

Logo Kvinnherad Frivilligsentral_200x122
Kjenner du nokon som du synest fortener ei påskjøning for sin frivillige innsats?
Styret for Kvinnherad Frivilligsentral lyser med dette ut "Frivilligprisen."
"Frivilligprisen" vert gjeve til ein initiativrik person, lokal forening eller gruppe, som gjennom sine idear og med sitt pågangsmot har betra trivsel og livskvalitet for andre, og medverka til eit meir ope, aktivt og trygt samfunn.
Målet er mellom anna å styrke samspelet mellom kultur, helse og frivillig sektor:
- Stimulere til innsats.
- Påskjøna godt frivillig arbeid.
- Peika på gode føredøme når det gjeld aktiv innsats innan frivillig arbeid i Kvinnherad.
Privatpersonar, styret for frivilligsentralen, lag og organisasjonar som er heimehøyrande i Kvinnherad, eller deltek i frivillig arbeid i kommunen, kan koma med framlegg. Til kvart framlegg skal det vera ei grunngjeving som støtter opp under kandidaturet.
Framlegg skal sendast til:
Kvinnherad Frivilligsentral, Postboks 55, 5480 HUSNES innan 31. aug. 2011.

Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no