Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Fritidsmesse og tilflyttarsamling laurdag 16 september på Husnes

Frivillig sentralen skipar til Fritidsmesse frå 11.00 til 15.00 på Kvinnherad  Kultursenter.  Dette arrangmentet er  ope for alle.

Klokka 15.00 vert det arrangert Tilflyttarsamling for dei som flytta hit  det siste året.

Kvinnherad kommune og Kvinnherad Næringsservice arrangerer tilflyttarsamling.

Invitasjon til tilyttarsamlinga er send i posten til dei som melde flytting til Kvinnherad hausten 2016 og våren 2017.  Flyttelistene frå vi frå Skatteetaten. Det hender at nokre personar fell ut frå listene. Vi ønksjer difor alle tilflyttarar velkomne sjølv om dei ikkje har fått invitasjon. Kjenner du nokon som har flytta hit, så ta gjerne kontakt med dei for å informere om samlinga. Det er ikkje for seint å melde seg på !

                             Program:

  • Velkomen v/ordførar Peder Sjo Slettebø

  • Underholdning v/Kvinnherad Kulturskule

  • Næringssjef i Kvinnherad Næringsservice, Silvia Tofte

  • Kvinnherad Turlag

  • Presentasjon av Ølve bygdalag

  • Pause med lett matservering, kaffi og te

  • Musikk av Kirill Zimin, Kelly Garbini Wenning og Artur Zimin

  • Mykle Mikrobryggeri- etablerar

  • Ordførar trekkjer kommunen sin “tilflyttarpris”

     

Representantar frå ulike lag vert til stades på fritidsmessa før arrangementet, ta gjerne turen der fyrst.

 

Velkomen


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no