Kontaktperson
Regelverk
Frisør-, hudpleie-, tatoverings- og holltakingsverksemd | ||||||||||
| Oppdatert: 27.12.2011 14:21 | ||||||||||
| Generelt | ||||||||||
| Tema - Helse - Miljøretta helsevern | ||||||||||
| Beskrivelse Forskrifta om hygienekrav har til førmål å sikre tilfredsstillande hygieniske forhold og førebyggje overføring av smittsame sjukdommar ved verksemda.
Lokaler i tatoverings- og holltakingsverksemder skal bli godkjend av kommunen.
Frisør- og hudpleieverksemd må oppfylle dei same hygienekrava, men treng ikkje godkjenning, bare melding. Under kategorien hudpleie hører også solarier/solstudio (sjå eigen oversikt under tenesteomtale solarier).
Verksemda må bli godkjend/meld til kommunen ved oppstart, ved utviding eller ved vesentlege endringar.
For solarium blir det også stilt krav til bruk av stråling, jfr. Forskrift om strålevern og bruk av stråling (strålevernforskrifta). Alle verksemder som byr solarier til kosmetisk førmål til salg, utleige eller bruk, skal melde dette til Statens strålevern.
Kommunane er gjevne myndigheit til å føre tilsyn etter strålevernforskrifta (delegering frå Statens strålevern).
| ||||||||||
| Målgruppe Personar som ønskjer å starte, overta eller flytte frisørsalong, hud- og fotpleiesalong, helsestudio, solstudio, tatoverings- og holltakingsverksemd. | ||||||||||
| Kriterier/vilkår
Hygienekrav
Ved drift av ulike salonger er det viktig for å førebyggje overføring av smittsame sjukdommar, det vil seia at ein sørgjer for hygienerutiner som sikrar at smitterisikoen for kunden blir redusert til eit minimum, og hygieniske og helsemessige forhold blir ivaretekne.
Lokala skal vera utforma, innreia og utstyrt på ein slik måte at reingjering, desinfeksjon/sterilisering og oppbevaring av utstyr kan skje på ein hygienisk tilfredsstillande måte for å førebyggje overføring av smittsame sjukdommar. Kva rutiner og metoder som blir nytta vil ha samanheng med type verksemd. Det blir stilt strengare krav der smitterisikoen er stor. For eksempel er krava strengare ved verksemder der huda penetreres. Det vil også bli stilt strengare krav der tal på kundar og eller tilsette er høgt.
Alle salongverksemder skal ha eit internkontrollsystem som dokumenterer at krava i forskrifta blir oppfyllt.
Miljøretta helsevern/kommuneoverlegen si oppgåve:
| ||||||||||
| Pris for tjenesten | ||||||||||
| Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende | ||||||||||
| Serviceerklæring | ||||||||||
| Praktiske opplysninger | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om godkjenning eller å utarbeide ei melding. | ||||||||||
| Skjema Meldeskjema frisør-, hudpleie-, tatoverings- og holltakingsverksemd mv. Meldeskjema solarium | ||||||||||
| Søknaden sendes til Kvinnherad kommune
v/ Kommuneoverlegen Rosendalsvegen 10
5470 Rosendal
| ||||||||||
| Saksbehandling Kommunen vil vurdere om ei synfaring er nødvendig. Kommunen kan granske verksemda, påleggje å rette forhold ved verksemda eller stanse ho. Tvangsmulkt kan ileggjast, alt i samsvar med kommunehelsetenestelova §§ 4a-7 til 4a-10. Dersom vilkåra ikkje blir overhaldne, kan godkjenninga trekkjast attende. | ||||||||||
| Saksbehandlingstid Kommunen har plikt til å behandle søknad om godkjenning så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak. | ||||||||||
| Klagemulighet Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du har motteke vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagenskal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen for klagebehandling. | ||||||||||
| Kontaktinformasjon | ||||||||||
Ansvarlig enhet
| ||||||||||
| Andre opplysninger | ||||||||||
| Dato oppdatert 2011-12-27 14:21 | ||||||||||
| Gyldig fra 2009-10-20 | ||||||||||
| Gyldig til 2012-12-31 |






Epost

