Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Førehandskonferanse

Oppdatert: 28.12.2012 09:28
Generelt
Tema
- Bygg, eigedom og plan
- Bygging
- Eigedom og tomtar
Beskrivelse

Førehandskonferanse er ei frivillig ordning der du som tiltakshavar (byggherre) og kommunen kan møtast for å avklare føresetnader for byggjetiltaket og rammene for den vidare saksbehandlinga. Førehandskonferanse kan nyttast ved alle typar tiltak etter plan- og bygningslova. For tiltak som du sjølv kan søkje kommunen om løyve til, kan du møte kommunen åleine. For tiltak som krev at du engasjerer eit firma til å ta seg av heile søknadsprosessen (kalla ansvarleg søkjar), bør du ha med deg firmaet til møtet. Kommunen har ansvar for å føre referat frå førehandskonferansen. Du og kommunens representant skal underteikne referatet ved slutten av møtet. Førehandskonferansen skal vere halden før ein eventuell søknad blir sendt til kommunen.

Målgruppe

Alle som skal setje i gang tiltak etter plan- og bygningslova

Kriterier/vilkår

Kommunen har plikt til å halde førehandskonferanse dersom du som tiltakshavar, eventuelt saman med firmaet som står som ansvarleg søkjar, ønskjer det. Kommunen kan òg krevje at det blir halde førrhandskonferanse.

Du skal på førehand gje kommunen dei opplysningane som er nødvendige for å førebu konferansen. Dette er som regel situasjonskart, teikningar av tiltaket og eventuelt skriftleg utgreiing av ønske om dispensasjon frå regelverket.

Pris for tjenesten
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Direktoratet for byggkvalitet
Serviceerklæring
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Ta kontakt med kommunen for nærare avtale. Førehandskonferanse skal haldast seinast to veker etter at du har bede om det.

Søknaden sendes til

Kvinnherad kommune
Rådhuset

5470 Rosendal

Andre opplysninger
Dato oppdatert
2012-12-28 09:28
Gyldig fra
2010-07-01
Gyldig til
2013-12-31
Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no