Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Kontaktperson

fagkoordinator
Sissel Lillebø Aarseth
Telefon: 53483226
Mobil: 91152030
Telefaks: 53483230
Epost

Regelverk

Kulturminnelova § 17 (tilskott til vedlikehald) og forskrifter til denne lova. Ev. fredingsvedtekter knytta til den enkelte eigedommen.


Lover

Kulturminneloven
Kulturminneloven § 17
Plan- og bygningsloven kap. 31

Freda bygningar og anlegg - løyve til inngrep

Oppdatert: 26.10.2009 15:19
Generelt
Beskrivelse

Alle middelalderbygningar og ståande byggverk eldre enn 1650 er automatisk freda. I tillegg er om lag 4500 bygningar freda av Riksantikvaren. Ca. 60 % av desse er i privat eige. Hovudansvaret for drift, vedlikehald og utvikling av ein eigedom ligg hos eigaren. Når det gjeld kostnader til å setje i stand og halde vedlike eigedommen, er dette utgifter som i utgangspunktet eigaren må bere sjølv, anten eigedommen er freda eller ikkje. Ein kan likevel få tilskott til vedlikehald av freda bygningar (sjå eiga tenesteomtale "Freda bygningar og anlegg - tilskott"). Ordinært vedlikehald på freda bygningar eller anlegg kan skje utan spesielt løyve frå kulturminnestyresmaktene, og dersom det ikkje er sagt noko anna i fredingsvedtektene. Er du usikker på kva som blir rekna som ordinært vedlikehald, kan du kontakte styresmaktene. Tiltak som er meir omfattande enn ordinært vedlikehald, krev dispensasjon frå kulturminnelova, med mindre fredingsvedtektene til eigedommen seier noko anna.

Målgruppe

Eigarar og brukarar/forvaltarar av freda bygningar og anlegg som vil setje i gang tiltak som går ut over vanleg vedlikehald.

Kriterier/vilkår

Dispensasjon kan bare bli gjeven til tiltak som ikkje går ut over formålet med fredinga, og som ikkje fører med seg vesentlege inngrep i det freda bygget eller anlegget. Eksempel på tiltak som kan krevje dispensasjon, er: skifting av kledning, vindauge eller tak.

Pris for tjenesten
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Riksantikvaren
St.meld.nr 16 (2004-2005) Leve med kulturminner
Serviceerklæring
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen vil kunne hjelpe til med råd og rettleiing om utforming av tiltaket, metodar og val av materiale.
Vedlegg
Forklaring av planen/tiltaket. Tiltaket må forklarast med både tekst og kart/teikning.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Kontakt fylkeskommunen når det gjeld søknadsfrist om økonomisk kompensasjon.
Søknaden sendes til
Kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen.

Kvinnherad kommune
Rådhuset

5470 Rosendal

Saksbehandling
Fylkeskommunen gjennomfører synfaringar/registreringar dersom dette er nødvendig. Fylkeskommunen gjer sitt vedtak, og gjev løyve til eller nektar tiltaket. I vedtaket kan det bli sett vilkår som gjer arbeidet dyrare, knytta til for eksempel materialbruk og metodar. Dersom det blir sett vilkår som gjer arbeidet dyrare, har du krav på økonomisk kompensasjon, heilt eller delvis. Du kan søkje om støtte til dette, sjå eiga tenesteomtale "Freda bygningar og anlegg - tilskott".
Saksbehandlingstid
Fylkeskommunen skal behandle saka så snart som mogleg.
Klagemulighet
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Klageinstans er Riksantikvaren. Før klagen blir send dit, skal den instansen i fylkeskommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Blir vedtaket ståande, vil saka bli send til Riksantikvaren for klagebehandling.
Kontaktinformasjon
Ansvarlig enhet
Avdeling:Kulturkontoret
Andre opplysninger
Dato oppdatert
2009-10-26 15:19
Gyldig fra
2009-10-26
Gyldig til
2009-12-31
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no