Kva skjer i Kvinnherad?
|
Nyhende og aktuelt
Resultat av hjorte- og rådyrjakta i Kvinnherad 2011.Ny norsk fellingsrekord i år og?
Det vart i år som i fjor ny fellingsrekord i Kvinnherad. Den nye rekorden blir på 1250 dyr, ein auke på 5 dyr frå 2010. Når Kvinnherad var høgast i landet i fjor trur vi derfor at dette er ny norsk rekord, ingen over, ingen ved siden.
Nytt i år er at det er felt 16 rådyr, noko som først vart tillete i 2011.
Dette utgjør ein formidabel ressurs som det blir lettere å omsette etter at det er gjennomført feltkontrollkurs.
Nytt i år er at det er felt 16 rådyr, noko som først vart tillete i 2011.
Dette utgjør ein formidabel ressurs som det blir lettere å omsette etter at det er gjennomført feltkontrollkurs.
Treningskontakt kurset er utsett til september/ oktober 2012.
Kvinnherad kommune i samarbeid med Kvinnherad idrettsråd, Hordaland idrettskrets og Helse Fonna arrangerar treningskontaktkurs. Dette er no utsett til 28.-30. september og 20.-21. oktober 2012.
Kulturkonferansen 2012
Kvinnherad kommune ynskjer velkommen til kulturkonferansen Meiningsfull fritid - dei frivillige og kommunen.
Søknadsfrist 08. februar 2012
Tilskot til lokale kulturhus og formidlingsarenaer - spelemidlar
Hordaland fylkeskommune lyser ut tilskot til lokale kulturhus og formidlingsarenaer i Hordaland.
Søknadsfrist 15. februar
Byggetilskot
Kvinnherad kommune løyver byggetilskot til private leikeplassar, friluftsliv-,idretts-og kulturanlegg 1 gong i året. Fast søknadsfrist 15.februar
Søknadsfrist 15.februar
Drifttilskot til lag og hus
Mrk. retningslinjer for tilskot til frivillig kulturarbeid i kvinnherad kommune er endra. Søknad om drifttilskot til lag, opne ungdomstiltak og tilskot til drift og leige av hus er slått saman til ei ordning med eit søknadskjema.
Søknad om barnehageplass
Det må vera søkt om barnehageplass innan 15.februar for at søknaden skal verta vurdert i samband med hovudopptak 2012.






