
Framleis vatn i Husnes vassverk

Tekniske Tenester var opp til Svartavatnet i dag for å kontrollera vass-standen i drikkevassreservoaret til Husnes vassverk
Svartavatnet, som ligg 770 m. over havet på fjellet ovom Husnes, er hovudvasskjelda til Husnes vassverk. Vatn vert ført via ein hevert frå Svartavatnet til Hellandselva.
Husnes vassverk forsyner Husnes, Sunde, Valen og Halsnøy med drikkevatn.
![]() |
Norvald Skarveland kontrollerar ventilen på heverten |
Tysdag 2. mars var folk frå Tekniske Tenester oppe for kontrollera vass-standen og sjå til heverten. Det syner seg at vatnet er tappa ned omlag 4 meter frå normal vass-stand. Det vil seia at dersom det ikkje kjem nedbør, så har ein vatn i omlag ein månad til.






