Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Framlegg til trafikksikringsplan

Kvinnherad formannskap fatta i møte, 12.04.2012, vedtak om at forslag til Kommunedelplan for trafikksikring skulle leggjast ut til offentleg gjennomsyn med frist på minst 6 veker for å koma med merknader til plandokument, jfr. Plan – og bygningslova § 11 – 14.

Planarbeidet er utført som prosjektarbeid med Kvinnherad kommune som prosjekteigar.

Plan med vedlegg kan opnast/lastast ned frå lenkene under.

Papirformat av planen vert lagt ut på Kvinnherad bibliotek, Husnes og Kvinnherad rådhus, Rosendal.

Offentlege høyringsinstansar vert tilskrivne.

Det vert no høve til å senda inn merknader til planen, og desse vil bli vurdert i det vidare planarbeidet.

Frist for innsending av merknader til planen vert sett til: 11.06.2012.

Merknader kan leverast enten som vanleg brevpost, eller som e-post til: post@kvinnherad.kommune.no

Kvinnherad kommune
Rådmannen


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no