Merknadsfrist er sett til 31. mars 2014. Eventuelle merknader skal sendast Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal.

Ølve: Vegen inn i det nye byggefeltet i Dalsjøen får vegnamnet «Dalsjøen».

Rosendal: Nytt byggefelt i Neslia får vegnamnet «Øvre Neslia».

Kalven: Øya Kalven får områdenamnet «Kalven».

Snilstveitøy: Vegen som går frå snøggbåtkaien og vidare mot sør over garden Snilstveit, får vegnamnet «Snilstveitvegen». Vegen som tar til i vegkrysset med Snilstveitvegn  og går mot vest over garden Øye, får vegnamnet «Øyevegen». Området på Snilstveitsøy f.o.m. Barmen og vest til Mjødmasund, får områdenamnet «Vestre Snilstveitøy».

Uskedalen: Vegen i det nye byggefeltet på øvre sida av F-48 ved Korsneset, får vegnamnet «Ospelunden». Øya Skorpo, får områdenamnet «Skorpo».

Husnes: Den nye vegen på Kaldestad som tar til i F44 ved den gamle landhandelen og går mot nord i retning Sirihaugen, får vegnamnet «Sirihaugen».

Sandvoll:  Fylkesvegen  som tar til der Valevegen sluttar og går over garden Handeland, fram til grensa mot garden Skarveland, får vegnamnet «Handelandsvegen». Det same gjeld sidevegar ut frå fylkesvegen. Fylkesvegen som tar til i grensa mellom Handeland og Sandvoll og går fram til grensa mellom Sandvoll og Skarveland, får vegnamnet «Sandvollvegen». Det same gjeld vegen ned til Sandvollsjøen. Fylkesvegen som tar til i grensa mellom Sandvoll og Skarveland og går fram til grensa mellom Skarveland og Ersland, får vegnamnet «Skarvelandsvegen». Det same gjeld sidevegar med unnatak av vegen ned til Velte og den kommunale vegen over Skarveland. Vegen som tar til i Skarvelandsvegen og går ned til Velte, får vegnamnet «Velte». Det same gjeld vegen frå Velte og nord til vegen til Handelandssjøen. Vegen som tar til i Skarvelandsvegen og går mot sør til grensa mot Ersland, der den tar av mot sjøen og følgjer nordsida av Erslandsbekken, får vegnamnet «Nedre Skarveland».  Vegen som tar til i Nedre Skarveland og går mot nord inn i nytt byggefelt på Skarveland, får vegnamnet «Kringleneset».  Vegen som tar til i vegen Nedre Skarveland i grensa mellom Skarveland og Ersland og går mot sør forbi Storvika, får vegnamnet «Nedre Ersland». Fylkesvegen som tar til i grensa mellom Skarveland og Ersland og går fram til Utåkervegen, får vegnamnet «Erslandsvegen». Det same gjeld sidevegar til fylkesvegen.

Utåker: Veg i nytt byggefelt på Utåker på gnr 243 bnr 4 får vegnamnet «Lio».

Halsnøy: Utviding av byggefelt på Landa. Vegen som tar til i vegen Landasjøen og går mot nord inn i nytt byggefelt, får vegnamnet «Olderdalsvegen». Vegen som tar til i Bjoanesvegen og går mot vest inn i nytt byggefelt, får vegnamnet «Klokkesteinsvegen».

Sydnesøy: Øya Sydnesøy får områdenamnet «Sydnesøy».

Fjelbergøy:  Vegen som tar til ved ferjekaien og går mot nord forbi Nordhus, får vegnamnet «Fjelbergvegen». Dette gjeld og tilhøyrande sidevegar. Vegen som tar til i Fjelbergvegen og går mot vest mot bruket Solbakken, får vegnamnet «Hamnavegen».

Borgundøy:
Vegen som tar til ved ferjekaien og går mot sør forbi garden Øvrabø til vegkrysset til Aksdal og Sæbø, får vegnamnet «Øvrabøvegen». Vegen som tar til i Øvrabøvegen og går mot Bjellebø, får vegnamnet «Bjellebøvegen». Vegen som tar til i Bjellebøvegen og går mot Dyrnes, får vegnamnet «Dyrnesvegen». Vegen som tar til ved ferjekaien og går på austsida av Karteidåsen fram til Bjellebøvegen, får vegnamnet «Karteidvegen». Vegen som tar til der Øvrabøvegen endar og går ned til Sæbøvika, får vegnamnet «Sæbøvegen». Vegen som tar til i Sæbøvegen og går langs Sæbøvika, får vegnamnet «Strandvegen». Vegen som tar til i vegkrysset med Øvrabøvegen og Sæbøvegen  og går fram til Aksdal, får vegnamnet «Aksdalsvegen». Vegen som tar til i Aksdalsvegen og går mot sør fram til Sæbøvegen, får vegnamnet «Kvernaviksvegen».