Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Forvaltningskomiteen

Forvaltningskomiteen har 9 medlemmer med varamedlemmer, valde av kommunestyret for 4 år. Leiar og nestleiar er valde av kommunestyret.

Forvaltningskomiteen sine oppgåver og mynde:

Forvaltningskomiteen skal handsama og gjera vedtak i saker som går på søknader om løyve til . Følgjande lover ligg under forvaltningskomie sitt ansvarsområde:

  • Plan- og bygningslova
  • Jordlova
  • Skoglova
  • Konsesjonslova
  • Brann- og eksplosjonslova
  • Forureiningslova
  • Delingslova (erstatta av Matrikkellova frå 01.01.10)
  • Motorferdsellova
  • Viltlova
  • Lakse- og innlandsfiskelova
  • Lov om stadnamn (stadnamn, vegnamn og skrivemåte)

Forvaltningskomiteen er delegert mynde til å ta avgjerd i saker etter desse lovene unnateke å vedta kommuneplanar og reguleringsplanar. Dette ligg til kommunestyret,

Forvaltningskomiteen er også kontrollutval for sal og skjenking. Vidare skal komiteen ta initiativ og få utgreidd viktige politiske saker.

Her finn du oversyn over komiteen sine møte/saker.

Her finn du oversyn over komiteen sine medlemer.


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no