- Framsida
- Tenester
- Politikk
- Organisasjon
- For tilsette
- Postliste
- Tenestekatalog A-Å
- Skjema A-Å
- Arkivside
- Skjema
- Lenker
- Prosjektrom
- Treff oss på Facebook
Folkemusikkveka til Kvinnherad i 2012!

Fylkespolitikarane har vedteke at Folkemusikkveka skal arrangerast i Kvinnherad i 2012. Det blir ei heil veke full av folkemusikk i små og større arrangement over heile kommunen.
Onsdag fekk kulturkontoret besøk av fylkesmusikarane Reidun Horvei, Frank Rolland og Einar Mjølsnes som la fram planane for Folkemusikkveka som vil finna stad hausten 2012. Folkemusikkveka blir arrangert kvart tredje år, og om to år er det Kvinnherad sin tur. Mange vil bli engasjert i dette arrangementet, både skular, folkemusikklaget, korps, songkor og andre interesserte innan kulturlivet i Kvinnherad.
Det blir ei stormønstring av folkemusikk i Kvinnherad denne veka. Her vil det mellom bli lagt fram lokalt folkemusikkstoff som det finnest mykje av i Kvinnherad, men som kanskje ikkje er så kjent blant folk.
Det vil og bli arrangert ulike kurs innan folkemusikk og folkedans i tillegg til skulekonsertar, kveldskonsertar og mykje, mykje anna.
Komande haust vil det bli invitert til eit orienteringsmøte der og fylkesmusikarane deltar.







