Folkehelseprofilen syner statistikk for nokre utvalde faktorar som har med folkehelse å gjere, og samanliknar tala for Kvinnherad med tilsvarande tal for Hordaland og resten av landet. Profilen vert utarbeidd sentralt og tek ikkje omsyn til lokale tilhøve, og må difor supplerast med kvalitativ, lokal kontroll for å gje eit godt bilete på folkehelsa i Kvinnherad. Dette er eit arbeid kommunen sjølv gjer, mellom anna i den nye Folkehelseoversikten som kjem i 2019. Statistikkgrunnlaget er ofte nokre år gamalt, noko som gjer at ein ikkje alltid vil fanga opp nyare endringar i faktorane.

I årets Folkehelseprofil kan ein sjå at Kvinnherad på fleire områder ligg på landsgjennomsnittet, mellom anna innan sosialt miljø, skuletrivsel og sosial ulikskap. Kvinnherad markerar seg positivt innan fleire faktorar:

  • Det er få barn og unge som bur trongt i Kvinnherad.
  • Eit høgt tal barn og unge er med i fritidsorganisasjonar.
  • Prosentdel unge som har vore rusa på alkohol er lågare enn gjennomsnittet for fylket og Noreg.
  • Forventa levealder for menn er høgare enn elles i Hordaland og over landssnittet.
  • Antibiotikabruken i Kvinnherad er låg.

Kvinnherad skil seg ut negativt når det gjeld følgjande folkehelsefaktorar:

  • Valdeltakinga i førre Stortingsval er vesentleg lågare i Kvinnherad enn for gjennomsnittet for Hordaland og noko under snittet i Noreg.
  • Kvinnherad skil seg ut med høgare del personar med psykiske lidingar enn elles i fylket, og noko høgare enn landssnittet.
  • Det same gjeld muskel - og skjelettlidingar.
  • Delen av kvinnheringar som vert råka av hjarte- og karsjukdom er òg vesentleg høgare enn gjennomsnittet i Hordaland og Noreg.

I Folkehelseprofilen for 2018 tek ein i motsetnad til tidlegare år ikkje med ein viktig folkehelsefaktor, nemleg tal på unge uføretrygda (18-44 år), som er særleg knytt til dei tre punkta rett over. For Kvinnherad er denne gruppa høgare (3,5%) enn tilsvarande tal for Hordaland (2,4%) og landet som heilskap (2,7%) (kjelde: Kommunehelsa statistikk). Kvinnherad skil seg i følgje Folkehelseprofilen 2018 òg ut negativt på to punkt som heldigvis ikkje speglar røynda:

  • Drikkevasskvaliteten i Kvinnherad får i Folkehelseprofilen kunstig dårleg score grunna usikre data og ikkje oppdatert talgrunnlag (kjelde: Kommunehelsa statistikkbank). Drikkevasskvaliteten i Kvinnherad vert jamleg innrapportert til Mattilsynet og held høg kvalitet.
  • Vaksinasjonsdekning, mesling, 9-åringar. Desse tala er ikkje heilt nye, og syner eit gjennomsnitt av åra 2012-2016. Om ein går inn på det nyaste talet av desse, frå 2016, ligg Kvinnherad på landssnittet med 95, 3 % vaksinasjonsdekning mot meslingar, 9 år. (Kjelde: Kommunehelsa statistikkbank). Grunna fleire år med tekniske problem i kommunikasjonen mellom journalsystem og sentral vaksinasjonsdatabase, er det manglar i tala for perioden 2012-2016. Kommunen arbeider for å løyse desse problema, og presiserer samstundes at vi følgjer vaksineprogrammet og ikkje har grunn til å tru at Kvinnherad i røynda skil seg negativt ut når det gjeld vaksinasjonsdekning.

Heile Folkehelseprofilen for Kvinnherad 2018 kan du finna her.