Bakgrunn

Folkehelseoversikta 2020-2023 dannar kunnskapsgrunnlaget for planstrategien og kommuneplanen sin samfunnsdel, og har eit spesielt fokus på berekraft i den sosiale dimensjonen, som ein klar samanheng til folkehelsearbeidet. Fram til i dag har sosiale forhold fått mindre merksemd enn dei to andre dimensjonane i berekraftsmåla – miljø og økonomi.  

I dei nasjonale forventningane til kommunal planlegging for 2019-2023 legg regjeringa vekt på at kommunane skal planleggje for å skape ei berekraftig samfunnsutvikling, sikre sosial rettferd og god folkehelse. Helse er ikkje berre eit resultat av individuelle forhold og levevanar, men blir òg påverka av levekår og strukturelle forhold som inntekt, arbeid, oppvekst, utdanning og bu- og nærmiljø. Planlegging gjev kommunen moglegheit til å omfordele slike påverknadsfaktorar. Kommunen kan kome til å svekke den sosiale berekrafta og vidareføre uheldige miljø- og samfunnsmessige forhold om ein ikkje er medvitne på dei relevante påverknadsfaktorane og korleis desse blir fordelt i folkesetnaden.

nMgdyAEhIAQEAJCQAi 4IAGRLBecVBmSEBACQkAICAEhYH 8CIln 2nwO 5AyEgBISAEBACQsAFCYhkueCkypCEgBAQAkJACAgB xP 4f 39lX 9GvWPUWAAAAAElFTkSuQmCC

Figur: FNs berekraftsmål ser miljø, sosial utvikling og økonomi i samanheng.

Kjelde: ks.no

Kvinnherad sine styrker som samfunn

I folkehelseoversikta vert det gjort greie for funn i indikatorar som teiknar eit utfordringsbilete for Kvinnherad. I kommunen er det likevel mange indikatorar som peiker i positiv retning:

  • Ungdom opplever lokalmiljøet som trygt
  • Forventa levealder fortset å stige
  • Andelen som bur i husstandar med låg inntekt, er lågare enn landsnivået
  • I aldersgruppa 45 år og eldre er andelen som bur åleine lågare enn landsnivået
  • Konsentrasjonen av fint svevestøv som befolkninga i kommunen er utsett for, ser ut til å vere noko lågare enn for befolkninga i landet totalt sett.
  • Samanlikna med landet og fylket har vi færre som ikkje er i arbeid eller utdanning
  • Ungdata-undersøkinga frå 2019 syner at det er mange unge Kvinnheringar som har tru på eit lukkeleg liv
  • Samanlikna med landet og fylket har vi ein del færre som har opplevd å vore berusa, eller brukt cannabis
  • Innan pleie og omsorg og sosiale tenester har kommunen framgang på kommunebarometeret
  • I Kvinnherad er det færre som bur trongt enn på fylkes- og landsnivå blant ungdom
  • Kvinnheringane har god tilgang til flotte naturopplevingar.
  • Vi har eit mangfaldig og særs aktivt frivillig lagsliv
  • Dei aller fleste kvinnheringar er nøgde med helsa si

Utfordringsbilete nummer 1: Demografi

Kommunen er prega av fråflytting og ein aldrande folkesetnad. Etter vidaregåande skule flyttar mange ut av kommunen for vidare studiar eller arbeid. Arbeidsinnvandringa har stagnert, og fødselstala går ned. Dette skaper utfordringar for tenestetilbodet og rekrutteringa av arbeidskraft. 

 

HyYPNWYep 56CAAAAAElFTkSuQmCC T 16d 4R 5gf 0QAAAABJRU 5ErkJggg==

Alderspyramidar, 2019 og 2040. Med slik framskriving syner figurane ein minkande ettervekst i kommunen.

Utfordringsbilete nummer 2: Levekår

Det er stor variasjon i tenestetilbodet innan oppvekst. Ungdom er ikkje nøgde med kollektivtilbodet. Kommunen svarar dårleg på mengd verksemder, og ein har ein høg grad av unge eineforsørgjarar. Det har vore ei låg valdeltaking over tid, og det er eit markant fråfall i frivillig deltaking hjå ungdom. Ein geografisk spreidd kommune med mange små bygdesamfunn gjer det krevjande å gje same tilbodet til alle. I nokon grad har kommunen ein einsidig arbeidsmarknad knytt til små lokalitetar. 

Få merksemder gjer det vanskeleg å finne anna arbeid om ei verksemd innstiller eller legg ned. Helsa og deltakinga i samfunnet blir råka negativt om ein ikkje kan reise til offentlege tenester eller fritidsaktiviteter. Dette er faktorar som skapar store skilnadar i kommunen. Dette har òg konsekvensar for samfunnsutviklinga som heilskap. 

 

Utfordringsbilete nummer 3: Helsetilstand og helseåtferd

Kvinnherad har hatt ei auke i livsstilsjukdomar og psykiske lidingar. Kommunen har ei auke i meldte saker knytt til sosiale media og internett, og ein har framleis høge tal på muskel- og skjelettplager. Kvinnheringar ser ut til å eldast raskare enn snittet i fylket. Ein veit at det for alle vurderte sjukdomar, er aukande risiko med lågare sosioøkonomisk status, og med samansette, og for nokon, kompliserte årsaksforhold. Det er ikkje nødvendigvis enkeltårsaker som peiker seg ut. 

Utfordringsbilete nummer 4: Risiko for uføretrygd/Risikoindeks for folkehelse

«Risikoindeks for folkehelse» (AUD-rapport 12-19), identifiserer fem samfunnsforhold som har samvariasjon med uføretrygd. Indeksen er ein god peikepinn på korleis kommunen ligg an i forhold til berekraft, og spesielt berekraftsmål nr 3; «sikre god helse og fremje livskvalitet for alle, uansett alder». Desse bakomliggjande forholda gjer at Kvinnherad ligg dårleg an indeksen. Om ein retter inn tiltak der kommunen er sårbare for auke i uføretrygda, vil dei truleg samstundes betre andre aspekt ved folkehelsa. 

Skjermbildefolkehels.PNG

 

Folkehelseoversikta i sin heilskap finn du nedlastbar her.