Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image
Logo verdens aktivtetsdag 2010

Verdens aktivtetsdag 10. mai 2010

Visste du at ein åttiåring er like trenbar som ein trettiåring?
Den 10. mai slår vi eit slag for fysisk aktivitet livet ut.





Folkehelse

Folkehelse er eit satsingsområde som er høgt prioritert nasjonalt og i fylket. Folkehelse speilar samfunnsutviklinga, oppvekst- og levekår, og den vert utvikla og vedlikehaldne i kommunar og lokalsamfunn der folk bur og lever sine liv. Nasjonal helseplan (2007-2010) beskriv veldferds- og livsstilsjukdommar som den store helseutfordringa i den vestlege verda, der det er nødvendig å setje i verk effektive førebyggjande tiltak på mange arenaer.

Folkehelsearbeid er innsats retta mot befolkninga si helse på befolkningsnivå og omfattar ei rekke aktivitetar og tenester retta mot heile eller delar av befolkninga. Befolkninga si helse vert påverka av dei forhold folk lever under. Målet med folkehelsearbeidet er fleire leveår med god helse i heile befolkninga, og redusera helseforskjellar mellom sosiale lag, etniske grupper og kjønn. Folkehelsearbeidet er sektorovergripande og omfattar tiltak i mange samfunnssektorar med sikte på å skapa gode oppvekst- og levekår; barnehagar og skular som ivaretar barna si helse og utvikling, eit samfunn som legg tilrette for ein sunn livsstil og som fremmar fellesskap, tryggleik og meining for den enkelte. Folkehelsearbeidet er å forhalda seg til faktorar som påverkar helsa: fremma faktorar som verkar positivt og redusera risikofaktorar for sjukdom og plager, i tillegg til å jobba for ei jevnare sosial fordeling av risikofaktorar. Samfunnet sin innsats i folkehelsearbeidet påverkar behovet for helsetenester.

Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no