- Framsida
- Tenester
- Politikk
- Organisasjon
- For tilsette
- Postliste
- Tenestekatalog A-Å
- Skjema A-Å
- Arkivside
- Skjema
- Lenker
- Prosjektrom
- Treff oss på Facebook
Festivaltilskot
Det vert lyst ut festivaltilskot 1 gong i året. Aktuelle søkjarar må levere søknad med budsjett og program innan 01.05.2011.
- Bakgrunnen for Kvinnherad kommune si festivalsatsing er Kulturvisjonen 2014 som seier at kulturkontoret skal jobbe for å utvikle Kvinnherad til festivalkommunen i Sunnhordland og Hardanger.Dette skal vi gjere gjennom å:
- Bygge arenaer
- Utvikle gode modellar og tiltak i arbeidet med kultur og næring
- Skape nettverk og tilføre kompetanse
- Offentleg - privat samarbeid
Kvinnherad kommune definerer ein festival som:
Eit ope kulturarrangement som består av fleire hendingar og aktivitetar som likevel står fram som heilskapleg. Arrangementet må gå føre seg samanhengande over meir enn 1 dag. Det skal trekke ei brei publikumsmasse. Festivalen må ha eit føremål og ein tematikk ein ønskjer å formidle, samt kunne vise til ei medvete halding til nyskaping. Publikumspotensialet må vere berekraftig i høve til festivalen sine utgifter og festivalen sin aktivitet må vere tilgjengelig fior ein stor del av publikum.(Ikkje ekskluderande i høve til form og innhald).
Strategi:
Kvinnherad kommune stiller krav til dei arrangørane som skal kome inn under den særlege satsinga på festivalar. Desse arrangørane vert prioritert særleg når det gjeld økonomisk stønad, nettverksbygging og kompetanseheving.
Vi vel å :
- Gje direkte stønad framfor underskotsgaranti
- Prioritere midlar til føremålet
- Gje støtte til arrangement som skapar frivillig aktivitet
- Maks støtte på kr 50.000,- sidan budsjettposten er stabil
- Prinsippet om at du berre får løyvingar frå ei kommunal stønadsordning vert halde
- Tildele midlar etter omsetning, justert for publikumspotensiale og type arrangør
I 2010 var desse festivalane med i satsinga: Baroniet Rosendal, Klosterdagane, Rosendal Musikkfestival, Fjellstreif, Dronningfjordfestivalen, Kvinnherad kulturfestival og Rosendal mat og kunstfestival
Festivalar og verdiskaping i kommunen
Kvinnherad kommune ynskjer å støtte opp om den verdiskapinga som festivalane bidreg til i Kvinnherad og ser på festivalane som ein viktig del av næringsutviklinga i Kommunensamt ein del av den positive omdømmebygginga av Kvinnherad. I henhold til Agderforsking si undersøking om ringverknader for festivalar i Noreg ga festivalane i Kvinnherad ei total verdiskaping på 12 millionar i 2008.
Krav til arrangørane
Kvinnherad kommune stiller krav til arrangementa som er med i satsinga. Dei må ha:
- Regional/nasjonal profil
- Kvalitet i formidling i program/innhald i tilbodet til publikum i tilhøva for aktørar
- Realistiske planar
- God økonomistyring
- Profesjonell og open organisasjon
- Vise kompetanse og tiltak for kompetanseheving blant tillitsmenn/ansvarshavande
- Vise behov for stønad gjennom søknad, budsjett og program
Eit ledd i kompetansehevinga er det årlege Festivalseminaret. Kvinnherad kommune gir festivalarrangørane eit lokalt seminar med aktuelle foredrag om relevante tema, samt ein møteplass for arrangørane og ressurspersonar/sponsorar for nettverksbygging og utveksling. Det er ein føresetnad at dei prioriterte festivalane deltek på festivalseminaret. Dei som ikkje deltek får avkorting av festivaltilskotet.
Lenkjer til Festivalane
Kvinnherad kulturfestival 11.02 - 14.02.10
Rosendal musikkfestival 28.05 - 30.05.10
Rosendal mat- og kunstfestival 09.07 - 10.07.10
Festidalen 06.08 - 07.08.10
Fjellstreif 06.08 - 08.08.10







