Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image
Logo Teknisk

Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Frå januar 2009 vert kvar skorstein i bustader feid annakvart år. Dette vart vedteke i formannskapet den 13.03.08. Dersom feiaren vurderer det som naudsynt vil han feia oftare. Etter å ha motteke varsel om feiing pliktar eigar av fyringsanlegg å legge til rette for at feiaren kan utføre arbeidet sitt på ein trygg og effektiv måte. Arbeidsmiljølova gjeld også for feiaren!
Tilsyn av fyringsanlegget vert gjennomført kvart fjerde år. Tilsyn med fyringsanlegget er ein god måte å få kontrollert om omnar og skorsteinar er i trygg stand.
-Der feiaren må opp på taket av eit bygg skal feiaren kunne ferdast sikkert opp til og på taket utan å forårsake skade. - Dersom det er behov for laus stige for å komme opp på taket, skal ei egna stige plasserast på lett tilgjengelig stad. Av hensyn til tryggleiken til td. leikande born bør stigen ikkje settjast opp til taket, men leggjast ved husveggen. Det er ikkje tilstrekkeleg at eigar viser til at stige ligg i kjellar, garasje, eller liknande. - Dersom feiing ikkje skjer frå tak, skal eigar sørge for at feiaren har tilgang til røykkanal. - Eigar skal sørge for at feiaren har tilfredsstillande tilgjenge til sotluke eller tilsvarande egna innretning for å fjerna sot.
For hytter og fritidsbustader blir det ikkje sendt ut varsel om feiing. Her er eigar sjølv ansvarleg for at feiing vert utført.

Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no