Førehandskonferanse |
| Oppdatert: 29-06-2010 11:08 |
| Generelt |
| Tema - Bygg, eigedom og plan - Bygging - Eigedom og tomtar |
| Beskrivelse Førehandskonferanse er ei frivillig ordning der du som tiltakshavar (byggherre) og kommunen kan møtast for å avklare føresetnader for byggjetiltaket og rammene for den vidare saksbehandlinga. Førehandskonferanse kan nyttast ved alle typar tiltak etter plan- og bygningslova. For tiltak som du sjølv kan søkje kommunen om løyve til, kan du møte kommunen åleine. For tiltak som krev at du engasjerer eit firma til å ta seg av heile søknadsprosessen (kalla ansvarleg søkjar), bør du ha med deg firmaet til møtet. Kommunen har ansvar for å føre referat frå førehandskonferansen. Du og kommunens representant skal underteikne referatet ved slutten av møtet. Førehandskonferansen skal vere halde før ein eventuell søknad blir sendt til kommunen. |
| Målgruppe Alle som skal setje i gang tiltak etter plan- og bygningslova |
| Kriterier/vilkår Kommunen har plikt til å halde førehandskonferanse dersom du som tiltakshavar, eventuelt saman med firmaet som står som ansvarleg søkjar, ønskjer det. Kommunen kan òg krevje at det blir halde førrhandskonferanse. Du skal på førehand gje kommunen dei opplysningane som er nødvendige for å førebu konferansen. Dette er som regel situasjonskart, teikningar av tiltaket og eventuelt skriftleg utgreiing av ønske om dispensasjon frå regelverket. |
| Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende Statens bygningstekniske etat |
| Eksterne lenker |
|---|
| Praktiske opplysninger |
| Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten Ta kontakt med kommunen for nærare avtale. Førehandskonferanse skal haldast seinast to veker etter at du har bede om det. |
| Søknaden sendes til Kvinnherad kommune 5470 Rosendal |
| Andre opplysninger |
| Dato oppdatert 2010-06-29 11:08 |
| Gyldig fra 2010-07-01 |
| Gyldig til 2011-06-30 |





