Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Fadderordning for nye gardbrukarar

Landskpa i drift -bilete frå FMLA
Vi du bli gardbrukar eller har du nettopp teke over? Fordi du skal trivast – møt ein fadder som driv og har svar på spørsmåla dine!

Fadderprosjektet er eit tiltak der nye brukarar til kjøtproduksjon vert rekruttert, samstundes held ein på å byggja opp eit større miljø rundt allereie aktive gardbrukarar/ kjøtprodusentar. Gjennom dette vil ein få meir trivnad, auka kompetanse i nærmiljøet på lang sikt, og samarbeid t.d. i visse periodar til fordel for den enkelte (sanking, hausting, avløysing, innkjøp av driftsmidlar).

Prosjektet tek utgangspunkt i dagens aktivitetar av faglaga og andre lag knytt til landbruk pluss rådgjevingsapparatet og kjøtforedlinga. Ramma til heile prosjektet vil vera eit strukturert opplegg, der både fadder og ”fadderelevane” vil få nytte gjennom kompetanse- og nettverksbyggjande tiltak. Økonomisk stønad til dei enkelte fadrane skal honorera innsatsviljen deira frå offisiell side, noko som vil vera eit viktig signal ut til næringa.

Fadderprosjektet er ein unik sjanse til å koma i kontakt med erfarne brukar som er interessert i å dele kunnskap, kompetanse og erfaring på ein lett og triveleg måte. Dette for å lukkast med drifta. Me tilbyr eit uformelt samarbeid med rammer som garanterer deg gratis (subsidiert) rettleiing frå fadderen din, eller kurs, nettverksbygging og kontakt med faglaga, som vil gjera starten til ein endå betre ein! Fadrane vil setja pris på å få deg som ny kollega i nærleiken, både for trivnaden og framtida sin del.
Eit kompetent nettverk vil kunne hjelpe deg med mykje:

Rådgjevingsnettverk
Trong for:
Dei hjelper deg!
Ressursvurdering
Fadder
Areal/bygging/maskiner
Fadder
Nettverk/tilgong til faglag
Fadder
Visjon
Fadder
Vurdere driftsplan
Fadder/ Norsk landbruksrådgiving
Formidle tomme bygg
Fadder
Opplevingar/fjellbeite
Fadder
Husdyrlære/plantelære
Fadder/ Norsk landbruksrådgiving/ Hordaland sau og geit/ Mattilsynet
Formidling av dyr
Fadder/ Nortura
Omsetting
Fadder/ Nortura

 
Med 10 aktørar på di side vil du lukkast:
1. Hordaland Bondelag, 2. Hordaland Småbrukarlag, 3. Norsk landbruksrådgiving, 4. Nortura, 5. HSG, 6. Mattilsynet, 7. Skogeigarlaget Vest, 8. Fadder, 9. LID, 10. Landbrukskontor
 
Korleis koma i gong?
Ta kontakt med det lokale landbrukskontoret ditt – dei vil hjelpa deg med å få kontakt med ”fadderen” din. Som du ser, er fadderen med på det meste – og får å gjera dette enklare og senka terskelen med å ta kontakt med fadderen, har me ei ”gulrot” til deg: 15 timar med rådgjeving for deg vil fadderen få godtgjort av oss! Elles kan me freista deg med studietur, bondekafé og enkelte kurs som du seinare vil trenga for å kunne driva.

For meir info kan du også sjekka heimsida vår: www.landskapidrift.no


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no