Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image
Logo Teknisk

Endring i regelverket ved montering av eldstad

peis

Frå 01.07.11 er montering av eldstad heilt unnteke søknadsplikt jf. SAK10 4-1. Det er heller ikkje krav om kontroll. Det er meldeplikt til feievesenet ved montering av eldstad.

Det er ikkje lenger søknadsplikt når ein installerer, endrar og reparer ein eldstad i eksisterande byggverk innanfor ein brukseining eller branncelle. Det er heller ikkje krav til at kvalifisert person skal utføra ein uavhengigkontroll når ein har gjort nemnde endringar.

Det som er viktig å merka seg er at etter forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn (FOBTOT) § 2-4 føreligg det ein meldeplikt til feiarvesenet ved installering av eldstad. Feiarvesenet er tilsynsmyndigheit for skorstein og eldstader. Feiaren skal under feiing og tilsyn vurdera forhold ved fyringsanlegget og har myndigheit til å gje pålegg om retting m.m., jf. FOBTOT § 7-2. Eventuell feilmontering skal avdekkast ved tilsyn.

Innmelding av eldstader i Kvinnherad kommune gjerast ved å fylla ut følgjande skjema: Innmelding+av+eldstad-Skjema.pdf , som sendast til: Kvinnherad kommune, Brannvernet, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal, eventuelt via e-post: post@kvinnherad.kommune.no

Oppføring av skorstein er framleis søknadsplikt.


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no