For tida har byggesakshandsamarane våre ei stor saksmengd. Det er gledeleg med stor aktivitet, og vi ynskjer sterkt å bidra til dette med rask sakshandsaming.  

Dagens arbeidsmengd gjer at vi er nøydde til å prioritere rein saksbehandling måndagar og fredagar. Dette medfører at vi fram til og med juli berre kan ta imot kundar på kontor og betene byggesakstelefonen tysdagar, onsdagar og torsdagar.     

Avkorting av besøks- og telefondagar gjeld både bygge- og dispensasjonssaker. Kombinert med tilsetting av ny byggesakshandsamar til sommaren håpar vi tiltaket fører til at vi kjem i rute med søknadane og får ned sakshandsamingstida. 

Vi ber om orsaking for ulempa dette medfører for publikum, men ber om forståing for ei slik mellombels løysing. Har de spørsmål, ta kontakt med avdelingsleiar Hilde Kjelstrup på tlf. 452 10 707.