- Framsida
- Tenester
- Politikk
- Organisasjon
- Postliste
- Tenestekatalog A-Å
- Skjema A-Å
- Arkivside
- Skjema
- Lenker
- Prosjektrom
- Treff oss på Facebook
Eigedomsstakst / eigedomsskatt
Etter oppdrag frå Kvinnherad kommunestyre har eigedomsskattenemnda i dag søndag 28. februar, lagt fram skatteliste for alle skattepliktige eigedommar i Kvinnherad.
Etter oppdrag frå Kvinnherad kommunestyre har eigedomsskattenemnda i dag lagt fram skatteliste for alle skattepliktige eigedommar i Kvinnherad. Sjå link til PDF-dokument.
Rosendal den 25. februar 2010
Arve Opsanger Laila Broks Asbjørn Hellvik
leiar nestleiar medlem
Dette pdf-dokumentet inneheld alle skatteeigedommar i Kvinnherad som det skal skrivast ut eigedomsskatt for. Du vil og finna eigaren av eigedommen, evet. eigarrepresentant, verdi av eigedommen, kor stor skatt eigedommen er ilagd og kva promillesats som er brukt.
Kombinerte næringseigedommar er delt i to takstar, t.d. ein for næringsdelen og ein for bustaddelen. Dette fordi næring og bustad har ulik sats.
Dersom ein eigar har to eigedommar kan dei to eigedommane vera slegen saman til ein skatteeigedom. Dette gjeld ofte dersom det er kjøpt eit tilleggsareal til ein eigedom. Tilleggsarealet vil i dei høve ikkje vera oppført med nokon verdi.
Lista er sortert etter etternamn, men nokre stader står førenamnet først. Finn du ikkje namnet ditt sortert på etternamn, sjå under første bokstaven i førenamnet ditt. Alle vil i løpet av nokre dagar få tilsendt eit eige brev om taksten på sin eigedom.
Eigedomsskatten skal betalast i to deler, ein rekning i mars og ein i september.
Klage på takst skal stilast til Eigedomsskattekontoret, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal, innan 31.03.10.
Ein eventuell klage må grunngjevast og underteiknast.
Kommunestyret har vedteke at: Med heimel i §7 i same lov skal eigedomar eigd av stiftingar
eller institusjonar som tek sikte på å gagne kommunen, fylkeskommunen eller staten vere
fritekne frå eigedomsskatt. Førstegangsetablerarar får fritak frå eigedomsskatt i 5 år. Hus og
eigedomar eigde av frivillige organisasjonar skal også vere fritekne frå eigedomsskatt. Det
same gjeld private museum.
Retningslinjene for fritak er ikkje vedtekne enno, men eigarar av eigedomar som kan koma inn under dette vedtaket kan søkja om fritak.
Rosendal 27.02.2010.
Eigedomsskattekontoret
Eigedomsskatt - skatteliste for offentleg ettersyn (pdf 0,9 mb)
Godkjenning av skatteliste takstnemd
Dokumenta ligg i papirformat på Rådhuset i Rosendal og på Biblioteket på Husnes.
– Folk i Kvinnherad set på store verdiar, seier leiar i takstnemnda, Arve Opsanger. HusnesNett har intervjua Arve Opsanger om eigedomsskatten. Følg linken for å lesa/sjå heile saka:
http://www.husnesnett.no/no/nyhende/599/





