Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Eigedomsskatten klar på rekordtid

johan feet  Prosjektleiar Johan Feet får skryt av kollegaer for å ha gjennomført takseringa av eigedomsskatten på slik ein framifrå måte. Frå mars er eigedsomsskatten tilgjengeleg.
I byrjinga av mars gjekk det ut ca 9000 brev til innbyggjarar i kommunen som har eigedom. I tillegg ligg alle takstane ute på kommunen si nettside, og dei ligg tilgjengeleg i permar på rådhuset og på biblioteket på Husnes. Kommunen har taksert ca 20.000 bygg og 11.000 eigedomar. Teamet som har arbeidd med å innhente informasjon har jobba frå midten av august til slutten av februar. Det har vore åtte personar ute i felten rekruttert frå kommunen og nokre utanfrå. I tillegg har det vore fem tilsette på stasjonert i tidlegare formannskapssalen, som dei for høvet har omdøypt til "Pentagon". Feet skryt av medarbeidarane.
- Arbeidet har gått bra. Eg har hatt med meg mykje gode medarbeidarar, seier han.

”Pentagon”

I "Pentagon" har desse arbeidd: Eva Sundal, Solbjørg Musland, Jorunn Fykse, Charlotte T. Fredheim og Gunvor Mæland Havås. Anne Berit Skeie og Reidar Gravdal har vore med i ledige stunder. Hovudjobben har vore klar til jul. Kommunen har leigd inn konsulent på dei større verk og bruk som Husnes Kjøpesenter, Valen sjukehus, Telenettet og overføringsnett for kraft.

Stor jobb av takstnemnda

- Den sakkunnige takstnemnda, som er vald av kommunestyret, har gjort ein veldig stor jobb, seier Feet. I den sit leiar Arve Opsanger, nestleiar Laila Broks og Asbjørn Helvik. Dei har sjekka alle takstforslaga.
- Det har vore ein dryg jobb, understrekar Feet. Han seier at vanlegvis sjekkar ei slik nemnd berre kvar femte eigedom, men denne gruppa har teke jobben sin alvorleg og sjekka absolutt alle eigedomane.

Fritak frå skatt

I byrjinga av mars la kommunen også ut søknadsskjema om fritak. Til dømes lag og organisasjonar samt dei som har private museum, kan søkje om fritak. Dei har frist til ut mars. Også dei som ønskjer å klage på taksten må søkje innan utgangen av mars månad. - Klagen må grunngjevast og vere underskriven, seier Feet. Openberre feil vert retta umiddelbart. Andre saker blir handsama i ei sakkunnig ankenemnd på seks personar. Uansett må ein betale for skatten i første omgang, og får ein medhald på klage, så får ein tilbakebetalt det aktuelle beløpet. Han understrekar at det hjelper ikkje å skrive at ein er i mot eigedomsskatt. Skatten er sett til 2 promille for bustadar og fritidseigedomar og 7 promille for alt anna.

Likar utfordringar

Feet seier han har likt jobben som prosjektleiar. - Eg likar å få nye utfordringar, og det har eg fått i rikt monn. Eg har aldri hatt det så travelt som i denne perioden, fortel han. Feet seier det har blitt mykje kveldsarbeid siste halvåret. Det er først i mars at kveldsjobbinga har teke slutt. I midten av mars tek han seg velfortent to veker ferie til syden.
- Det kjennest godt å kome seg bort ei stund, seier han.


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no