Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Eigedomsskatt 2017

Eigedomsskatteliste for året 2017 vert i veke 7 lagt ut til offentleg ettersyn på Rådhuset og Biblioteket. 

Den skal vera tilgjengeleg i 3 veker.
Heimelshavar og skatteytar får innan 01.03.2017 også tilsendt eigedomskattesetel som syner skattetakst og utlikna skatt i 2017.
Denne vert i år sendt elektronisk via Altinn til dei som ikkje har reservert seg for digital utsending.
Listene vert også publisert på kommunen si heimeside.
 
Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivne eigedomsskatten, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år. Klage på taksten må setjast fram skriftleg og underteiknast. Klagefrist er 31.03. 2017.
 

Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no