Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Seksjonering er oppretting av ei seksjonseining i matrikkelen (det norske eigedomsregisteret).

Eigedomsseksjonering (Seksjonering)

Seksjonering vert nytta når ein eigedom består av fleire sjølvstendige einingar som skal seljast og pantsetjast kvar for seg, og der det ikkje er naturleg å dela eigedommen på vanleg måte med delingsforretning. Typisk er leilighetsbygg i fleire etasjar, forretningsområde eller ei blanding av forretning og leiligheter. Det er 2 typar seksjonar: bustadseksjonar og næringsseksjonar.
Det vil alltid vera eit fellesareal som alle seksjonane har del i med eit sameige.

Vilkår

Det er fleire krav som må vera oppfylte for at det kan gjennomførast ei seksjonering:

  • alle hovedseksjonane skal vera del av eit bygg, men dei kan ha målsette tillegsrsdele under bygget
  • alle seksjonane skal ha tilkomst frå fellesareal eller offentleg veg
  • alt areal som kan vera til felles nytte skal vera fellesareal
  • alle bustadseksjonar skal ha eige bad, kjøken, soverom og opphaldsrom
  • heile eigedommen må seksjonerast, ikkje berre ein del.


Framgangsmåte

Begjæring om seksjonering skal skrivast på fastsett formular og underteiknast av heimelshavaren. Alle seksjonane skal gjefast eit seksjonsnummer og det skal framgå kor stor andel kvar seksjon har i fellesutgiftene. Det skal lagast felles vedtekter for seksjoneringa. Begjæringa skal sendast til den kommunen der eigedommen ligg vedlagt:

  • situasjonsplan
  • kopi av husteikning (alle plan) med kvar enkelt seksjon innteikna
  • kopi av vedtektene som er fastsett for seksjoneringa

Kommunen skal kontrollera at seksjonsbegjæringa er rett ytfyllt. Dersom vilkåra for seksjonering er oppfylltet, skal kommunen gje løyve til seksjonering. Kommunen sender så seksjoneringsbegjæringa til tinglysing saman med situasjonsplan og teikningar.


Gebyr

Kvinnherad kommune krev gebyr for seksjonering tilsvarand 3xrettsgebyr (R)

 


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no