Effektivt arbeid med eigedomsskatten
I løpet av berre tre og ein halv månad har kommunen fått registrert vel 19.200 bygg i samband med utrekning av eigedomsskatten. Målet var å bli ferdig til nyttår, og det har kommunen klart. Johan Feet er prosjektleiar for innføring av eigedomsskatt, og han seier at utearbeidet, som starta i august, for det meste er ferdig. Synfaringspersonale har bestått av åtte personar inklusive leiar Karl Ingve Eide. Dei har blitt godt mottekne på rundreisa i kommunen. – Folk har vore positive, synest Feet. Han seier at no er ein stor jobb gjort. Dei har sett mange spesielle bygg, og eitt av dei mest spesielle var ei 16 kvadratmeter stor rund steinhytte på Varaldsøy (sjå bilete). I alt er det registrert 1,6 millionar kvadratmeter bygg. Data er registrert i program som kommunen brukar for å rekne ut skatten.
Klart til 1. mars
Enno står det att å få korrigert nokre opplysningar, før kommunen er klar til å leggje ut skatteopplysningane den 1. mars. Kommunen vonar å ha gjort ein så god jobb, at det blir få klagar. Men i tilfelle nokon har klage, vil den gå til ei sakkunnig skattenemnd. Dersom ein framleis ikkje er nøgde og vil anke, vil klagen gå vidare til ei ankenemnd som vil gjere ei sjølvstendig vurdering.





