Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Drikkevatnet må kokast på Utåker

drikkevatn_150x150
Kokevarsel på Utåker. Dei som nyttar vatn frå Utåker vassverk må koka vatn som skal drikkast.

UTÅKER VASSVERK – KOKEVARSEL

Prøvar av drikkevatnet frå Utåker vassverk syner at det er tarmbakteriar i vatnet.

Det er ikkje desinfeksjon av drikkevatnet frå Utåker vassverk. Drikkevatnet vil difor i periodar framover vera ureina med tarmbakteriar. Dette gjeld spesielt i periodar med mykje nedbør.

Drikkevatn som inneheld tarmbakteriar kan gje mage/tarm infeksjon. Me rår difor til at dei som nyttar vatn frå Utåker vassverk kokar vatn som skal drikkast.

Spørsmål kan rettast til Sigbjørn Øye, tlf 53 48 31 00, eller vakttelefon 53 47 27 90.
 


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no