Søknadsfrist 15.februar
Drifttilskot til lag og hus
1. Tilskot til frivillig kulturarbeid blir gitt til:
-
Medlemsbaserte lag og organisasjonar
-
Opne ungdomstiltak
-
Personar
-
Institusjonar som driv frivillig og/eller ikkje-kommersielt kulturarbeid for innbyggjarane i Kvinnherad.
Desse kan ikkje søkje om tilskot:
-
Organisasjonar / institusjonar som primært tek seg av medlemene sine yrkes- eller økonomiske interesser.
-
Organisasjonar som har til hovudoppgåve å samle inn pengar til tiltak utanfor kommunen.
-
Tiltak / arrangement som har til føremål å skaffe inntekter.
-
Aksjeselskap
-
Informasjons-, aksjons- og interesseorganisasjonar.
-
Politiske parti/organisasjonar
-
Næringsaktørar som t.d. skjenkestader
Lag som driv opne lagshus kan søkje om stønad til drift av huset uavhengig av andre reglar i dette punktet.
Komité for oppvekst, kultur og idrett har høve til å dispensere frå desse unntaka ved spesielle tilhøve.
2. Det kan gjevast følgjande type stønad:
- Driftstilskot til lag og hus
- Byggetilskot
- Underskotsgaranti ved opne arrangement
- Tilskot til lokale samlingar, skrifter og bøker
- Frivillige tiltak
- Ungdomstiltak
- Kjapt svar
Ved særlege tiltak, som ikkje kjem inn under dei ulike tilskotsordningane, kan det søkjast spesielt.
Det blir berre gitt tilskot frå ei tilskotsordning til same tiltaket. Vi praktiserer fullført sakshandsaming og viss ein ser at søkjar har søkt på ”feil” ordning vil søknaden verte overført til korrekt ordning, til beste for søkjar.
Det skal søkjast skriftleg, på riktig skjema.
Alle søknader skal dokumenterast med budsjett og/eller rekneskap. Det må visast behov for tilskot og budsjett skal være realistiske og i balanse.
3. Det er eit vilkår for å få kommunale tilskot at Følgjekort (gratis tilgjenge for naudsynt
følgjeperson for funksjonshemma) vert akseptert ved kulturarrangement.
1. DRIFTILSKOT TIL LAG OG HUS
Driftstilskot vert gitt til:
-
Lag som driv kulturaktivitet for barn og unge hovudsakleg innan kommunen.
-
Laget må ha minst 6 medlemer som er under 18 år.
-
Driftstilskotet bygger på medlemstal og aktivitet.
-
Laget skal vere ope for alle og ha eit demokratisk vald styre. Barneforeiningar med få vaksne leiarar er unnateke frå kravet om styre.
-
Medlemsbaserte lag skal ha medlemskontingent.
-
Opne ungdomstiltak får tildelt tilskot etter eit snitt på oppmøtte deltakar i løpet av året.
-
Lag som eiger opne lagshus innan kulturkategorien, både idrettshus, kulturanlegg, bygdehus og bedehus kan søkje. Det er eit vilkår at lagshuset er ope for alle.
Retningsliner:
Årsmelding og rekneskap skal følgje søknaden. Kommunen tek atterhald om rett til å kontrollere medlemskartotek/innbetalt medlemskontingent.
Det skal vere dokumentert at det er trongfor tilskot. Ved høge bankinnskot vert det berre gitt tilskot dersom det kan dokumenterast planar for bruk av midlane.
Følgjande utgifter skal ikkje vere med i grunnlaget for tilskot:
-
Utgifter til mat og drikke
-
Utgifter til gåver og stønad til prosjekt / tiltak utanfor kommunen m.m.
-
Utgifter som det vert gitt kommunalt tilskot til over anna tilskotsordning.
-
Utgifter til inntektsgjevande tiltak.
Driftsstønad vert fordelt ein gong i året. Søknadsfrist vert kunngjort i lokalavisene og på kommunen si heimeside.
Søknader skal leverast innan fristen. Vedlegg kan ettersendt etter avtale.
Driftstilskot til lag:
Grunnlag for utrekning av tilskot:
- Det blir gitt tilskot etter talet på aktivemedlemer.
-
Aktive medlemer er styremedlemer og dei som driv fast med dei aktivitetane som er omfatta av føremålet til laget. Passive medlemer er medlemer som berre har hjelpe-/støttefunksjonar og som ikkje deltek i den ordinære verksemda laget driv.
-
Det skal vere eit visst aktivitetsnivåi laget. I gjennomsnitt må dei aktive medlemene ha vore med på laget sine aktivitetar minst 10 gonger føregåande år. Laget vert plassert på ein aktivitetsskala etter det gjennomsnittlege talet på øvingar / treningar / faste møte dei aktive medlemene har i løpet av eit år. Dess høgare aktivitetsnivå, jo
-
høgare tilskot for kvar medlem.
-
For å få tilskot må laget ha utgifter til lagsdrift.
-
Tilskot er avgrensa til maksimalt 50 % av totale driftsutgifter med ovannemnde unntak trekte frå.
Til musikkorpsvert det i tillegg gitt eit tilskot på inntil 50 % av utgifter til kjøp, reparasjon og banklån til kjøp av nye instrument. Maksimalt tilskot er kr. 10.000,-. Innkjøp av notemateriell kan reknast med til utgifter.
Tilskot til samarbeids-/kontaktorgan
Kontaktorgan, som har minst 5 medlemslag i Kvinnherad kommune, kan få eit administrasjonstilskot på inntil 50 % av driftsutgiftene med fråtrekk av utgifter. Tilskotet vert gjeve på grunnlag av rekneskap for føregåande år. Kontaktutvala må søkje på lik line med laga.
Regionale samanslutningar som gir tilbod som ikkje finnast i Kvinnherad kan søkje på same vilkår som lokale lag. T.d. Sunnhordland kammerorkester
Tildeling av driftsstønad til frivillige lag vert gjort etter felles fordelingsnøkkel for alle typar lag.
Driftstilskot til huslege, baneleige og drift av eigne kulturhus og anlegg
Til delvis dekking av utgifter til eigne og leigde lokale, hus og anlegg for kulturell verksemd vert det gitt ei prosentvis dekking av dokumenterte driftsutgifter. Tilskotet skal ikkje overstige 1/3 av årlege faste utgifter.
Inntil 40 % av total fordelingssum kan nyttast til dette tilskotet.
Spesifisert driftsrekneskap for eige hus/anlegg skal følgje søknaden.
Følgjande postar blir trekte frå utrekningsgrunnlaget:
-
Leigeinntekter
-
Finanskostnader som det er gitt tilskot til over anna kommunal tilskotsordning (t.d. Byggetilskot)
-
Utgifter til inventar/utstyr
Tilskot til leige av hus/lokale/anlegg blir berre gitt til ordinær lagsverksemd for barn og unge. Det blir ikkje gitt tilskot til leige i samband med inntektsgjevande arrangement. Kopi av spesifiserte bilag for leige skal følgje søknaden.







