Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Draumar på timeplanen

draumar_2_300x200
Denne veka og to veker til frametter får 3.-5. trinn i heile kommunen besøk av Semaforfilm som syner dokumentarfilmar om barn. Filmane handlar om fem barn sine draumar.
Draumar
Måndag 1. februar starta Linda Hellevik og Gunnbjørg Hage (biletet) ei tre veke rundreise til skulane i kommunen for å lære barn meir om dokumentarfilm. Prosjektet er ein del av Den kulturelle skulesekken. Filmskaparane meinar at det finst mykje god fiksjonsfilm for barn og unge, medan dokumentarfilmproduksjonen er forsvinnande liten. - Dette er synd. Vi ønskjer at barn kjem fram i media med si stemme.

Dokumentar for barn

Semaforfilm har satsa på ein nisje; produksjon av dokumentarfilm for og med barn. Dei har laga film om fem barn og deira draumar. Draumane varierte frå å bli ballettdansar, trommeslagar i buekorps og spele på orgel til å bli fotballproff og kjøpe sin eigen hest. I dokumentarfilmen var det innfletta humoristiske animasjonsfilmar. Dokumentaren har fått mykje merksemd og har blitt vist på TV2. Den har også blitt synt på Dokumentarfilmfestival i Volda for barn og på Eurodok i Oslo på barneprogrammet. Med skulebesøket, får elevane etter å ha sett filmane, diskutere filmane og snakke om deira eigne draumar.
draumar_2_300x200
T.v. Gunnbjørg Hage og Linda Hellevik (Begge foto: Anna K. Hellevang).

Tips til eigne filmar

Kanskje er du ein av dei som fekk lyst å lage din eigen film? Her er nokre tips. - Det er viktig at ein brukar tid på idé, og har ei klar rollefordeling, seier filmskaparane. Med det meinar filmskaparane at dei unge må skjøne innhaldet i dei ulike rollene, som t.d. kva gjer ein regissør, ein fotograf eller ein lysmeister. God planlegging er viktig for at det skal bli ein god film. Dei meinar at ein god start kan vere å lage dokumentarfilm om ein elev i klassen eller om nokon ein kjenner godt - som ei bestemor.

Desse får besøk

Hatlestrand og Ølve, 1. februar Malmanger, 2.- 3. februar Mauranger, 3. februar Omvikdalen, 4. februar Uskedalen, 8. februar Bringedalsbygda, 9. februar Skarveland, 9. februar Undarheim, 10. - 12. februar Valen, 15. februar Sunde, 16. februar Tofte, 17. februar Sætre, 18. februar Hauge, 18. februar

Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no