Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

SØKNADSFRIST 27. APRIL

Digital SFO-søknad for skuleåret 2017/2018

Visma Flyt Skole - logo

Kvinnherad kommune legg om til digital påmelding til SFO.

I samband med denne omlegginga vert SFO tilboda like for alle skulane i  kommunen. Fleksibiliteten i val har vore stor fram til no. Tilbodet er framleis fleksibelt, men ikkje så fleksibelt som før. Påmeldinga går no på dagar og ikkje timar, dette for å sikra rett bemanning og finansiering. Omorganiseringa som er gjort er innafor vedtektene som gjeld. Søknadsfristen er 27. april 2017.

Dette skuleåret nyttar skulane i Kvinnherad ny funksjon i Visma Flyt Skole for SFO søknad. Det er ein heildigital søknadsprosess der de som føresette søkjer via https://skole.visma.com/kvinnherad De vil få varsel via SMS/e-post når søknaden er behandla. Alle ferdige dokument blir lagra i dokumentbiblioteket for kvar elev i Visma Flyt Skole. Søknadsfristen er 27. april 2017.

Her er lenke til oversikt over tilboda.

Meir informasjon kan de lesa om i manual for digital SFO søknad
Der finn de info om korleis ein loggar seg på og korleis sjølve søknadsprosessen foregår.

Vedtektene kan du lesa her.

 


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no