Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Varsel om oppstart av planarbeid og offentleg ettersyn av planprogram:

Detaljreguleringsplan for Fjelbergsambandet

Skisse av mogleg trasé

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8 vert det med dette varsla oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur; Fjelbergsambandet i Kvinnherad kommune.

Mål for arbeidet er å utarbeide ein detaljreguleringsplan med konsekvensutgreiing for Fjelbergsambandet i Kvinnherad kommune. Planen skal omfatte areal og løysingar for ny fylkesvegtrase for samband mellom Borgundøy, Fjelbergøy og Halsnøy. Deler av planen er vurdert å vere konsekvensutgreiingspliktig etter «Forskrift om konsekvensutredninger». I samband med oppstart av planarbeidet vert også planprogram lagt ut til offentleg ettersyn.

Spørsmål til planarbeidet kan rettast til Norconsult ved Fritjof Stangnes, tlf. 55548334. Eventuelle merknader til varsel om oppstart av planarbeidet kan ein sende skriftleg til Norconsult AS v/Fritjof Stangnes, Postboks 1199 Sentrum, 5811 Bergen, eller e-post fritjof.stangnes@norconsult.com.

Det er ikkje naudsynt å sende merknader til Kvinnherad kommune. Merknadene Norconsult tek imot vil følge saka og gå vidare ved handsaming av planen i kommunen. Alle innsendte merknader vert gjennomgått og kommentert i planen.

I lenkene under ligg:

  • Brev med varsel om oppstart av planarbeid
  • Forslag til planprogram (inkludert kart, målsettingar, tidsfrister, opplegg for medverknad, opplegg for konsekvensutgreiing m.v.)

Frist for innspel er 15.oktober 2017.


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no