I samsvar med Plan- og Bygningslova §§12-1, 12-3 og 12-8 blir det sendt ut varsel om oppstart av planarbeid på gnr./bnr. 192/ 200, 199, 195, 129, 207, 184, 203 og deler av 183 i nærleiken til  Sæbøvik sentrum.

Planområdet er på omlag 16 daa inkludert sjøareal. Formålet med planen er å leggje til rette for næring, sentrumsføremål, bustad, leik, parkering, bevaring og meir. Planen skal omforme delar av området til bustadar og næring, medan store delar av området forblir i sin noverande form.

På oppstartsmøtet den 22.02.18 vart det semje om at planen ikkje løyser ut krav om KU og/eller planprogram, men at planarbeidet må ta særleg omsyn til nasjonale verdiar som strandsone og arkeologiske funn. I forvaltningskomiteen den 02.05,18 vart det råda til oppstart av planarbeid.

Tiltakshavar:      Liarvågen Båt- og Hytteutleige AS

Fagkunnig:         Bombus Arkitektur v/ Wermund Vetrhus

Frist for innspel: 07.10.18