Planstatus og føremål
Området er delvis regulert. I gjeldande reguleringsplan er delar av areala avsett til bustad/forretning, friluftsområde, veg og fortau. I arealdelen til kommuneplanen 2018 er området avsett til eksisterande og framtidige bustadar, LNRF og sentrumsføremål. Planarbeidet er vurdert til ikkje å utløyse krav om konsekvensutgreiing.

Føremålet med planen er å leggja til rette for etablering av nærings- og forretningsføremål og bustadar samt tilhøyrande infrastruktur. Endeleg føremål og plassering av næring-/forretningsbygg og bustader vil bli avklart i planarbeidet. Vi ser på dei to hovudtomtene som ein heilheit og ynskjer å planlegge for eit kombinert forretning/bustad-føremål på begge tomtene.Forvaltningskomiteen gjorde den 06.02.19 eit vedtak om oppstart av planarbeidet.

Kvinnherad forvaltningskomité rår til oppstart av arbeid med privat detaljreguleringsplan for 82/180 og 83/73 m.fl. – næring og bustader Baronivegen – Rosendal i samsvar med førespurnaden. Jf pbl.§12-3 med følgande vilkår:

  • Det skal leggjast til grunn aktuell flaumrapport med fagleg omtale av faremomenta på staden og i området.
  • Det skal utarbeidast ei fagleg vurdering av konsekvensar av ny bustad- og næringsbygg.
  • Randsoner i planområdet langs elvelaupet skal ivaretakast gjennom reguleringsplan.
  • Det skal finnast alternativområde for busstopp/kantstopp. Naudsynt areal skal stadfestast og vere del av reguleringsplan.
  • Det skal arbeidast vidare med alternativ 7 for tilkomst.

Avgrensing
Avgrensing av planområdet er vist på vedlagt kartutsnitt. Planområdet ligg i Rosendal i Kvinnherad kommune med grenser til Rosendalselvi i sør og aust, til bustader og Baronivegen i nord og til Skålagato i vest.

Viktige utgreiingar
Planarbeidet vil spesielt kaste lys over følgjande problemstillingar:

  • Fjerning av eksisterande busstopp og plassering av nytt busstopp.
  • Byggjehøgder og tilpassing til naboar/eksisterande busetnad.
  • Konsekvensar av ny bustad- og næringsbygg.
  • Sikring mot flaum.
  • Tilkomst og trafikksikkerheit.

Innspel
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg til:
Ard Arealplan AS
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Kvinnherad kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Kvinnherad kommune saman med planframlegget.
Frist for merknader er sett til 02.04.2019.