Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Kunngjering av detaljplan med frist til uttale den 28.04.12

Detaljplan for 138/59 m.fl. - fritidbustader Kro - Herøysundet - Aslaug Knutsen og Torstein Hjelmeland

I møte den 22.03.12, utvalssak 2012/19, har kommunestyret i Kvinnherad kommune, i medhold av § 12-12 i Plan- og bygningslova godkjent detaljplan for 138/59 m.fl. – fritidsbustader Kro – Herøysundet – Aslaug Knutsen og Torstein Hjelmeland.

Planident er: 20120004

Planident er: 20120004

Behandling i Kommunestyret:

Røysting: Innstillinga samrøystes vedteken

Vedtak frå Kommunestyret den 22.03.2012
Kvinnherad kommunestyre godkjenner med heimel i plan- og bygningslova §12-12 at forslag til detaljplan for 138/59 m.fl. – Fritidsbustader Kro – Herøysund, sist revidert den 13.12.11 blir godkjent slik han ligg føre.
Grunnlaget for kommunal eigengodkjenning er til stades.

Reguleringsplanen er utlagt på rådhuset/verksemd for samfunnsutvikling og på Kvinnherad kommune sine heimesider www.kvinnherad.kommune.no.
Kommunestyret si godkjenning av planen kan påklagast til fylkesmannen i Hordaland av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klagefristen er ca.4 veker frå denne kunngjeringa fram til 28.04.12. Kommunestyret endelege vedtak om reguleringsplan kan påklagast, jf §1-9 i Plan- og bygningslova. Planen er bindande for alle arbeid og tiltak som blir sett i verk innanfor planområdet.
Det blir elles vist til grunneigarens rett til å krev innløysing, jf § 15-2 i Plan- og Bygningslova og erstatting for tap ved reguleringsplan , jf § 15-3 i Plan- og Bygningslova. Krav om erstatning for tap ved reguleringsplan må vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa.
Vi ber om forståing for at saksframlegg, reguleringsplan og føresegner m.m. bare blir sendt i digital form til myndigheitene.
 


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no