- Framsida
- Tenester
- Politikk
- Organisasjon
- Postliste
- Tenestekatalog A-Å
- Skjema A-Å
- Arkivside
- Skjema
- Lenker
- Prosjektrom
- Treff oss på Facebook
Fastlege |
| Oppdatert: 30.01.2012 12:28 |
| Generelt |
| Tema - Helse - Lækjar |
| Beskrivelse Du kan sjølv velje kva for ein lege du vil ha som fastlege, men legen må ha ledig kapasitet og vere med i fastlegeordninga. Du kan velje ein fastlege i ein annan kommune enn den du bur i. Du kan også fritt velje ein lege som ikkje er med i fastlegeordninga, men då betaler du ein høgare eigendel. Dersom du har foreldreansvar for born under 16 år, vel du også fastlege for barnet ditt. Når du er på sjukeheim, har du krav på å behalde fastlegen din. Fastlegen er ein allmennpraktiserande lege som har inngått avtale med kommunen om å ta del i fastlegeordninga. Alle har rett til å vere knytt til ein namngjeven, allmennpraktiserande lege. Fastlegen skal vere tilgjengeleg for pasientane sine og prioritere desse framfor personar som ikkje står på lista til legen. |
| Målgruppe Alle som bur i Noreg. |
| Pris for tjenesten Du betaler eigendel. |
| Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende |
| Serviceerklæring |
| Praktiske opplysninger |
|---|
| Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten Når du flytter til ein ny kommune, vil du få legevalskjema med tilbod om å velje fastlege i den nye kommunen. Dersom du ikkje aktivt vel ein ny lege i kommunen, beheld du den legen du hadde før flytting. Når du ønskjer å byte fastlege, går du fram på ein av dei følgjande måtane:
Bytet gjeld frå den første dagen i månaden etter at bytet er registrert. Du får eit brev som stadfester at du er tildelt ny fastlege. |
| Skjema Skjemaet finn du på MinID: Felles innlogging til offentlige tjenester |
| Søknaden sendes til Kvinnherad kommune 5470 Rosendal |
| Klagemulighet Dersom du ikkje er nøgd med fastlegen din, kan du bruke retten til å skifte. Du har rett til å skifte fastlege inntil to gonger kvart kalenderår. |
| Andre opplysninger |
| Dato oppdatert 2012-01-30 12:28 |
| Gyldig fra 2011-03-25 |
| Gyldig til 2012-12-31 |





