Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Kontaktperson

fagkoordinator
Sissel Lillebø Aarseth
Telefon: 53483226
Mobil: 91152030
Telefaks: 53483230
Epost

Lover

Kulturminneloven § 15a

Freda bygningar og anlegg - tilskott

Oppdatert: 26.10.2009 15:21
Generelt
Beskrivelse

Riksantikvaren kan frede bygningar og anlegg frå nyare tid som har kulturhistorisk eller arkitektonisk verdi. Dette tyder at ein ikkje kan gjere inngrep eller endringar i bygningen eller anlegget. Du kan utføre normalt vedlikehald, slik som å måle bygningen, men du kan ikkje gjere endringar - som å rive, flyte, byggje på eller endre materialar eller fargar. Ein kan f.eks. ikkje skifte ut dører, innramming av vindauge osv. utan særskilt dispensasjon frå kulturminnestyresmaktene. Dersom det kjem til meirkostnader ved vedlikehald som skuldast kravet til materialtype og framgangsmåte i fredingsvedtaket, kan du søkje om tilskott til å dekkje meirkostnadene. Målet med tilskottssordninga er å gje heilt eller delvis vederlag til eigarar av freda kulturminne, og å dekkje utgifter til andre sikrings- og istandsetjingstiltak. Fylkeskommunen kan i særlege tilfelle gje dispensasjon frå vedtak om freding for tiltak som ikke fører til vesentlege inngrep i det freda kulturminnet (sjå eiga tenesteomtale "Freda bygningar og anlegg - løyve til inngrep").

Målgruppe

Private eigarar og forvaltarar av freda bygningar og anlegg. Eigarar og forvaltarar kan vere privatpersonar, stiftingar, styret i foreiningar/organisasjonar/sameige, sokneråd, frivillige organisasjonar og liknande.

Kriterier/vilkår

Ved fordeling av tilskott skal Riksantikvaren og fylkeskommunen innafor dei disponible budsjettmidla gjere ei samla fagleg vurdering av den kulturhistoriske verdien og kva tiltaket vil ha å seie i forhold til målet med tilskottssordninga. Er du eigar og får dispensasjon fra vedtak om freding som samtidig set vilkår som gjer arbeidet dyrare, skal du ha heilt eller delvis vederlag for denne utgiftsauken. Elles blir dette prioritert:

  • tiltak som stansar og hindrar vidare forfall
  • mellombels sikring av freda bygg og anlegg som er i forfall
  • tiltak som sikrar bygg og anlegg som det er få av

Sjå Norsk Kulturminnefond for kriterium/vilkår for søknader som skal sendast dit.

Pris for tjenesten
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Kulturminnefondet
Riksantikvaren
St.meld.nr 16 (2004-2005) Leve med kulturminner
Partnere

Riksantikvaren, fylkeskommunen og Norsk kulturminnefond

Serviceerklæring
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Ta kontakt med fylkeskommunen/Riksantikvaren dersom du ønskjer meir informasjon om ordninga eller om kor du skal sende søknaden.
Skjema
Kontakt fylkeskommunen for å få søknadsskjema. Norsk Kulturminnefond har søknadsskjema på Internett.
Kulturminnefondet - søknadsskjema
Vedlegg
Forklaring av tiltaket med teikningar og eventuelle fotografi.
Søknadsfrist
Fylkeskommunen kan gje opplysning om søknadsfristen. Norsk Kulturminnefond har to søknadsrundar i året. Søknadsfristen er 01.03 og 01.09.
Søknaden sendes til
Søknad skal sendast til fylkeskommunen som gjer ei vurdering og prioritering før søknaden eventuelt blir send vidare til Riksantikvaren. Ein kan òg sende søknad til Norsk Kulturminnefond.

Kvinnherad kommune
Rådhuset

5470 Rosendal

Saksbehandling
På grunnlag av søknadene frå fylkeskommunane fordeler Riksantikvaren tilskottsmiddel som blir sende til fylkeskommunane for vidare fordeling. Det er fylkeskommunan som gjer vedtak om tilskott. Du får skriftleg melding om vedtaket. Styret i Norsk Kulturminnefond gjer vedtak når det gjeld søknader som blir sende dit.
Saksbehandlingstid
Fylkeskommunen og Riksantikvaren skal behandle saka så snart som mogleg. Styret i Norsk kulturminnefond gjer vedtak om tildeling ca. to månader etter søknadsfristen.
Klagemulighet
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Riksantikvaren er klageinstans for saker som er behandla i fylkeskommunen. Før klaga går dit, skal den instansen i fylkeskommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli send til Riksantikvaren for klagebehandling. Klage på vedtak i Norsk Kulturminnefondet skal sendast til kulturminnefondet.
Kontaktinformasjon
Ansvarlig enhet
Avdeling:Kulturkontoret
Andre opplysninger
Dato oppdatert
2009-10-26 15:21
Gyldig fra
2009-10-26
Gyldig til
2009-12-31
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no