Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Søknadsfrist 15. februar

Byggetilskot

Kvinnherad kommune løyver byggetilskot til private leikeplassar, friluftsliv-,idretts-og kulturanlegg 1 gong i året. Fast søknadsfrist 15.februar
GENERELLE RETNINGSLINER
 

1. Tilskot til frivillig kulturarbeid blir gitt til:

  •  Medlemsbaserte lag og organisasjonar

  • Opne ungdomstiltak

  • Personar

  • Institusjonar som driv frivillig og/eller ikkje-kommersielt kulturarbeid for innbyggjarane i Kvinnherad.

 Desse kan ikkje søkje om tilskot:

  • Organisasjonar / institusjonar som primært tek seg av medlemene sine yrkes- eller økonomiske interesser.

  • Organisasjonar som har til hovudoppgåve å samle inn pengar til tiltak utanfor kommunen.

  • Tiltak / arrangement som har til føremål å skaffe inntekter.

  • Aksjeselskap

  •  Informasjons-, aksjons- og interesseorganisasjonar.

  •  Politiske parti/organisasjonar

  •  Næringsaktørar som t.d. skjenkestader

 

Lag som driv opne lagshus kan søkje om stønad til drift av huset uavhengig av andre reglar i dette punktet.

Komité for oppvekst, kultur og idrett har høve til å dispensere frå desse unntaka ved spesielle tilhøve.

 2. Det kan gjevast følgjande type stønad:

  •  Driftstilskot til lag og hus
  • Byggetilskot
  • Underskotsgaranti ved opne arrangement
  • Tilskot til lokale samlingar, skrifter og bøker
  •  Frivillige tiltak
  • Ungdomstiltak
  • Kjapt svar

Ved særlege tiltak, som ikkje kjem inn under dei ulike tilskotsordningane, kan det søkjast spesielt.

Det blir berre gitt tilskot frå ei tilskotsordning til same tiltaket. Vi praktiserer fullført sakshandsaming og viss ein ser at søkjar har søkt på ”feil” ordning vil søknaden verte overført til korrekt ordning, til beste for søkjar.

Det skal søkjast skriftleg, på riktig skjema.

Alle søknader skal dokumenterast med budsjett og/eller rekneskap. Det må visast behov for tilskot og budsjett skal være realistiske og i balanse.

 3. Det er eit vilkår for å få kommunale tilskot at Følgjekort (gratis tilgjenge for naudsynt

følgjeperson for funksjonshemma) vert akseptert ved kulturarrangement.

 

BYGGETILSKOT

Det er ein føresetnad at laget / organisasjonen syter for ein eigendel på 1/3 av kostnaden.

Ved større nybygg / ombyggingar skal planane vere godkjende av kommunen. Byggeplanar for godkjenning kan sendast inn heile året. Godkjende planar medfører ikkje automatisk rett til tilskot.

Komité for oppvekst, kultur og idrett fordeler Byggetilskot innafor vedteke budsjett ein gong i året. Det må søkjast på fastsett skjema.Søknadsfrist vert kunngjort i lokalavisene og på kommunen si heimeside. Normalt er søknadsfristen 15.02. Søknader, som ikkje er imøtekomne eit år eller som har fått ei delløyving, må fornyast kvart år.

Søknadskjema finn du her: 

 


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no