Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Søknadsfrist 01.03.10

Byggetilskot til private kulturanlegg

Byggetilskot er kommunal stønad til bygging og rehabilitering av private kultur og idrettsanlegg. Byggetilskotet vert gjerne kobla mot spelemidlar, men anlegg som ikkje har rett til å søkje om spelemidlar kan også søkje byggetilskot.

RETNINGSLINER

Til vøling og nybygg av private kulturanlegg kan kommunen gi eit tilskot på inntil 1/3 av godkjent byggekostnad.
Dersom byggekostnadene vert lågare enn venta, skal tilskotet reduserast tilsvarande.
Det er ein føresetnad at laget / organisasjonen syter for ein eigendel på 1/3 av kostnaden.
Ved større nybygg / ombyggingar skal planane vere godkjende av kommunen.
Byggeplanar for godkjenning kan sendast inn heile året.
Godkjende planar medfører ikkje automatisk rett til tilskot.
Komite for oppvekst, kultur og idrett fordeler Byggetilskot innafor vedteke budsjett ein gong i året.

Det må søkjast på fastsett skjema.

Søknadsfrist vert kunngjort i lokalavisene og på kommunen si heimeside.

Søknader, som ikkje er imøtekomne eit år eller som berre har fått løyvd del av fullt tilskot, må fornyast kvart år.

Søknaden sendast til Kvinnherad kommune, rådhuset, 5470 Rosendal eller til post@kvinnherad.kommune.no

Meir informasjon får du ved å kontakte kulturkontoret, tlf 53 48 32 26, eller Sissel Aarseth tlf 91 15 20 30



Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no