Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Byggestatistikk 2010

Snitt i byggteikning
Nybygg-aktiviteten har auka kraftig frå 51 husvære i 2009 til 85 nye husvære i fjor. Husnes står for om lag ein tredel, men Dimmelsvik har tilvekst på 10 husvære siste året.

 

Av oversikten for 2010 ser vi at det er ferdigstilt 85 husvære siste året. 27 av desse er lokalisert til Husnes. 10 av dei nye husværa på Husnes finn vi i det nye Kerst-bygget v/Statoil-stasjonen. Om lag halvparten av husværa er tomanns-bustader eller meir konsentrert utbygging. Dimmelsvik har hatt ein auke  frå 1 husvære i 2009 til 10 nye husvære i 2010. Byggeaktiviteten i Åsen viser klart at her er populert å bu.

 

Vi kan ellers nemna at det er ferdigstilt 22 naust i 2010.

I 2009 vart det ferdigstilt 51 husvære og 18 hytter.

Vi ser ein klar auke i byggeaktiviteten.

 

Av større byggetiltak som er ferdigstilt i 2010 kan vi nemna:

  • Kerst næringsbygg, Husnes med areal 3200 m2 BRA.
  • Hordaland Fylkeskommune, Vg-skule, Husnes med areal 1822 m2 BRA
  • Trygge Barnehager, Rosendal med areal 945 m2 BRA
  • SKL, tilbygg messebygg, Matre, med areal 557m2 BRA

Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no