Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Byggestatistikk 2009

Finanskrisa kan ha dempa nybygg-aktiviteten noko siste året, det er nemleg ferdigstilt berre 55 husvære siste året mot heile 121 husvære i 2008.

Det er ferdigstilt under halvparten så mange husvære i fjor samanlikna med 2008. Finanskrisa kan ha dempa nybygg-aktiviteten noko, men det har også å gjera med at det blir ”bylgjetoppar” kor ferdigstilling av hus-prosjekt er meir konsentrert i tid.

Av dei 55 husværa bygd i 2009 er 29 stk einebustader medan det er 26 husvære er tomannsbustader eller fleirmannsbustader. Det er ein markert nedgang i antal ferdigstilte hytter også. I fjor vart det meldt om 18 hytter som var ferdigbygde medan det var 30 hytter i 2008 og 26 hytter i 2007. Byggesakskontoret hadde ein enorm søknadspågang av bustad-tiltak p.g.a. lovendring om strengare krav til varmeisolering som gjeld frå 1. aug. 2009.

Kommunen har elles inntrykk av at det er ein jamn byggjeoppstart av bustader. Byggjeaktiviteten har elles vore høg grunna avsluttande arbeid med store byggjeprosjekt. Fylgjande tiltak fekk ferdigattest i 2009: Husnes Storsenter, Husnes, Husnes Storhandel, Husnes, Fagsenteret, Husnes, ”Aksen”, Husnes. Torgplassen/parkanlegg Husnes Storsenter, Husnes. 

Vidare er det bygd ferdig skulebygg på Kvinnherad videregåande skule, Husnes med areal 1822 m2 BRA. Husnes Barnehage er bygd ut med ny avdeling med areal 219 m2 BRA. I Rosendal er det store båthamnanlegget ferdigbygd.


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no