I utgangspunktet er all oppføring, tilbygging, påbygging, underbygging eller plassering av bygning, konstruksjon og anlegg søknadspliktig.

Søknadsplikt gjer det mogleg for kommunen å vurdere om tiltaket kan gjennomførast i samsvar med vedtak gitt eller i medhald av plan- og bygningslova (pbl.). Plan- og byningslova § 20-2 regulerar kva slags tiltak som er søknadspliktige, og kvar det er naudsynt med ansvarlege føretak (pbl. kap. 20).

Ny løysing for byggjesøknadar hos Direktoratet For Byggkvalitet (dibk)

ByggSøk stengjer for nye byggesøknadar 1. oktober 2020. Frå då av skal søknadar sendast via ny løysing: https://dibk.no/tjenestene

Profesjonelle aktørar kan allereie nå ta i bruk dette. Privatpersonar kan pr. no sende digitalt nabovarsel. Nye løysingar er under utvikling og vil koma i løpet av året. Ein kan likevel sende enkle skjema om ein skal nabovarsle og byggje ein frittliggjande bygning mindre enn 70 m2 eller eit tilbygg mindre enn 50 m2. Ein kan og bruka eit enklare skjema om ein vil søkje om bruksendring.