Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Kontaktpersoner

Sakshandsamar
Berta Langeland
Telefon: 53482710
Epost
Verksemdsleiar
Kjell Sigbjørn Røssland
Telefon: 53 48 27 30
Epost

Regelverk

Husbanken/kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta.


Lover

Husbankloven

Forskrifter

Forskrift om bostøtte

Bustønad

Oppdatert: 03.01.2010 17:22
Generelt
Beskrivelse

Du kan søkje om bustønad dersom husstanden din har låge inntekter og høge bukostnader. Det blir stilt enkelte krav til husstanden og til bustaden. Ordninga er behovsprøvd.

Kriterier/vilkår

Krav til husstanden:

Husstanden har låge inntekter og høge bukostnader. Studentar og militære er ikkje med i ordninga. Studentar som har eige barn eller som deltar i kvalifiseringsprogram eller attføring, kan få bustønad likevel.

Krav til bustaden:

  • Bustaden må vere godkjent som heilårsbustad
  • Bustaden må vere ein sjølvstendig bustad og ha eigen inngang
  • Bustaden må ha eige bad og toalett og det må vere høve til å kvile og å lage mat

I spesielle tilfelle kan det gjerast unntak frå utleigebustader som kommunen disponerer, som bufellesskap og liknande.

Pris for tjenesten
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Om det å bo i Norge - på ti ulike språk
Bostøtte, informasjon fra Husbanken
Partnere

Bustønad er ei statleg stønadsordning som blir administrert av Husbanken og kommunen eller Nav. Dette varierer frå kommune til kommune.

Serviceerklæring
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Du må sende skriftleg søknad om bustønad. Søknadsskjema kan du få av kommunen eller laste ned frå internett, sjå lenkje under. 

Søknadsfrist

Den 14. i kvar månad. Utbetalinga skjer ca. den 10. i den etterfølgjande månaden. Det er situasjonen den 1. i månaden som blir lagt til grunn for utrekninga av bustønaden.

Søknaden sendes til

Kvinnherad kommune
Tiltak og rådgjevingstenesta for vaksne

Postbok 254, 5480  HUSNES

Saksbehandling

Kommunen tar imot søknadene, registrerer dei og har den løpande kontakten med deg. Maskinelt blir det henta inn opplysningar frå ei rekkje offentlege instansar som for eksempel Folkeregisteret, Likningsregisteret og NAV. Husbanken gjer det formelle vedtaket om stønad.

Har du fått innvilga bustønad, treng du ikkje søkje kvar månad, men du må melde frå om endringar som har noko å seie for stønadsforholdet. Dersom du flyttar, må du søkje på nytt og gje nye opplysningar.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til bustønadskontoret i kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Hugs alltid å føre opp namn, adresse, fødselsnummer og bustadkommune. Klagen må vere underteikna. Alle klagar blir behandla av Husbanken (ved det respektive regionkontoret), og behandlingstida er ca. tre månader.

Kontaktinformasjon
Ansvarlig enhet
Avdeling:Tiltak og rådgjevingstenesta for vaksne (TRV)
Telefon:53482710
Postadresse:Postboks 254 5480 HUSNES
Besøksadresse:Husnes tenestesenter 5460 HUSNES
Andre opplysninger
Dato oppdatert
2010-01-03 17:22
Gyldig fra
2010-01-03
Gyldig til
2010-12-31
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no