- Framsida
- Tenester
- Politikk
- Organisasjon
- For tilsette
- Postliste
- Tenestekatalog A-Å
- Skjema A-Å
- Arkivside
- Skjema
- Lenker
- Prosjektrom
- Treff oss på Facebook
Brosjyre om "Den kulturelle nistepakken" i Kvinnherad

Den kulturelle nistepakken er eit tilbod til barnehagar og skular. Borna og elevane blir inviterte til konsertar, teater, dans, utstillingar og til andre estetiske tilbod. Desse tilboda er i utgangspunktet gratis, men frå tid til anna må skulen/ barnehagen betala ein eigenandel.
På landsplan blir dette tilbodet kalla "Den kulturelle skolesekken" og er i første rekkje eit tilbod til elevar i grunnskulen. I Kvinnherad har vi utvida tilbodet til og å omfatta barnehagane. Derfor brukar vi nemninga "Den kulturelle nistepakken"
Den kulturelle nistepakken inneheld både sentrale turnerar via Rikskonsertane og DKS-Hordaland, men og eigne produksjonar som skulane og kulturskulen står for. Det blir i tillegg gitt støtte til skulane å besøkja Mostraspelet og Den Nasjonale Scene i Bergen etter visse reglar. Likeins besøk på ulike museer, galleri, Baroniet Rosendal og andre.
Det er laga ein enkel brosjyre som gir informasjon om kva det blir gitt støtte til og korleis ein skal søkja om denne. Link til brosjyren finn du under her på sida!







