Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image
Bringedalsbygda oppvekstsenter

Bringedalsbygda oppvekstsenter

På Bringedalsbygda oppvekstsenter finn du barneskule, barnehage og SFO. Verksemdsleiar: Anne Lise Huneide - Tlf: 53 46 18 60 Styrar barnehage: Solveig Vik - Tlf: 53 46 18 65 Leiar SFO: Anne Helen Kaldestad - Tlf: 53 46 18 61

Bringedalsbygda oppvekstsenter ligg i Herøysund i Kvinnherad kommune. Oppvekstsenteret ligg midt i bygda omkransa av skog, nær sjøen og fint turterreng.

Skulen er ein firedelt skule med elevar frå 1. - 7. trinn. Kvart år går det omlag 70 elevar ved skulen.

Barnehagen har to avdelingar, Blåklokke med barn frå 0-3 år og Solsikke med barn frå 3-6 år. Kvart år går det omlag 30 born i barnehagen.

SFO har elevar frå 1. til 4. trinn. Kvart år går det omlag 20 born ved SFO.

FAU, som er felles for heile oppvekstsenteret, har den siste tida jobba mykje med uteområdet til oppvekstsenteret. Dette har resultert i eit fint og triveleg utemiljø for små og store. 


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no